Hopp til innhald

Fagstoff

Korleis motarbeide falske nyheiter?

Styresmakter, organisasjonar og ulike grupperingar kan setje inn tiltak for å avgrense spreiing av falske nyheiter. Men det aller viktigaste er korleis du og vennene dine tek tak i dette problemet.

Journalistar må sjekke kjeldene grundig

Profesjonelle nyheitsformidlarar lever av truverdet sitt. Då er det svært viktig at det dei publiserer, er korrekt. I ei tid der verda fløymer over av desinformasjon, propaganda og falske nyheiter, er grundig kjeldekritikk viktig, men også vanskeleg.

Digitale verktøy gjer det stadig enklare å forfalske fotografi og levande bilete. Journalisten kan ikkje stole på at det som gir seg ut for å vere fotografi eller videoopptak av ei hending, faktisk er autentisk.

"Omvendt biletsøk" er ein teknikk som kan brukast for å avsløre om eit bilete er falskt eller henta frå ein heilt annan samanheng enn den biletet tilsynelatande skal vise. I Google går det an å søke med eit bilete i staden for med søkeord. Då kan du sjå opphavet til biletet og om det er brukt i andre samanhengar. Bilete inneheld også metadata som du kan få tilgang til i eit biletredigeringsprogram.

Ein falsk video kan vere vanskeleg å avsløre. Ofte er det tekniske detaljar i videoen som vekker mistanke. Eit søk på dei personane som opptrer og det miljøet du ser, kan også avsløre at dette er ein manipulert versjon av eit autentisk videoopptak. Søk i Google Street View og Google Earth kan avsløre om videoen faktisk er teken opp på den staden der hendinga etter seiande skal ha funne stad.

Sjekk kjeldene

Det er ikkje alltid lett å sjå forskjell på falske og ekte nyheiter. Nettidsskriftet journalisten.no har nokre tips til korleis du kan sjekke om noko er sant:

Gjer søk
Dersom nyheita er publisert av ein nyheitsorganisasjon, kan du søkje denne opp i Icann eller Norid. Der får du opp registreringsinformasjon om nettstaden. Dersom du skriv nyheitsorganisasjonen sitt namn i "hermeteikn", vil du kunne sjå om han er omtalt i andre artiklar og på andre nettstader. Det kan hjelpe deg med å fastslå om han er truverdig.
Kven er det eigentleg som seier dette?
Om ei sak ikkje har nokon opne kjelder, er det all grunn til å vere på vakt. Det same gjeld om saka viser til "talspersonar" som ikkje blir identifiserte nærmare, eller om ein ikkje kjenner kjeldene frå før endå det gjeld eit nyheitsområde som er breitt dekt. Nyheitssaker der kjelder berre har fornamn, er ikkje noko godt teikn.
Sjekk kommentarfeltet
Ofte kommenterer lesarar om dei oppfattar nyheita som falsk. Dette kan vere med å gi ein peikepinn.
Les "About"-sida
15. februar 2017 publiserte NRK ei nettsak om at den amerikanske presidenten Donald Trump mangla tillit til sikkerheitsrådgivar Michael Flynn. Nedst i saka siterte allmennkringkastaren Flynn frå ein Twitter-konto med hans namn. Hadde NRK sjekka "About"-sida til Twitter-kontoen dei siterte Michael Flynn frå, hadde dei med ein gong sett at det var ein parodi-konto. NRK var raskt ute og retta opp feilen og beklaga det heile.
Kva sluttar nettadressen på?
Om nettadressen til nettstaden sluttar med noko anna enn det vanlege .com eller med endinga for det aktuelle landet, som .no, kan det vere grunn til å sjekke nøyare. ABCnews.com.co er eit eksempel på ein nettstad som forsøker å utnytte autoriteten til ABC News, men som i verkelegheita er noko heilt anna.
Stemmer tittelen?
Nokre gonger held det å lese gjennom saka. Då oppdagar du kanskje at det ikkje står noko i teksten som er i tråd med den oppsiktsvekkande tittelen som blir vist på Facebook.
Bruk faktasjekkarar
Det finst nettstader som faktasjekkar for deg. Eksempel på slike tenester er snopes.com, politifact.com, truthorfiction.com, factcheck.org og faktisk.no (kjem før sommaren 2017). Nokre nettlesarar har eit innebygd verktøy for faktasjekk. Facebook lanserte i mars 2017 eit verktøy som åtvarar mot omstridt innhald (disputed content). Google har nyleg annonsert at dei endrar sin algoritme for å luke ut falske nyheiter og upassande innhald. I tillegg skal du få fleire moglegheiter til å rapportere upassande innhald. 100 frivillige internasjonale akademikarar har gått saman om å starte "Fake News Challenge". Dei har som mål å utvikle verktøy som gjer det mogleg for deg og meg og journalistar å raskt samle alle sider av ei sak.

Sjekk fakta

Kjem du over noko på nettet som du meiner er for godt til å vere sant, kan desse nettstadene hjelpe deg med å sjekke sanningsverdien:

Faktisk.no

Faktisk.no: Slik kan du finne ut hvor et bilde kommer fra

Faktisk.no: Slik avslører du falske videoer

Følg faktisk.no sin YouTube-kanal: Faktasjekker

Källkritikbyrån

Snopes.com

CC BY-SASkrive av Jan-Arve Overland og Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 17.10.2022

Læringsressursar

Kjelder og kjeldekritikk