Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Korleis bruker du kjelder til ulike føremål?

Vi bruker kjelder til problemløysing heile tida, nesten utan å legge merke til det. Av og til støyter vi på større utfordringar, og da er det lurt å ha strategiar for korleis vi bruker kjelder til problemløysing.
Manipulert foto av ein flokk med hovdyr som et gras. Eitt av dyra står oppreist. Det har korte øyre og ein tapirliknande snabel.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Vi lurer på ting og prøver å finne svar. Vi kan til dømes ha behov for å sjekke når bussen går, finne ut på kva side av Mjøsa Gjøvik ligg, finne prisen på eit par joggesko og så vidare. Mange svar finn vi på nettet, men vi kan òg spørje nokon om hjelp.

Kva for strategiar kan du velje for ulike typar problem?

Jobb gjerne i par med desse spørsmåla:

  1. Du har problem med datamaskina di. Kva gjer du?

    Skriv ned ei punktliste om korleis du tenker å gå fram for å løyse problemet.

    • Kva for kjelder bruker du?

    • Kva slags informasjon er du ute etter?

    • Kva for type problem er dette?

  2. Du trur du har dekning på konto, men du får ikkje betalt. Kva gjer du?

    Skriv ned ei punktliste over korleis du går fram for å finne ut kva som kan vere feil.

    • Kva for kjelder bruker du?

    • Kva slags informasjon er du ute etter?

    • Kva for type problem er dette?

  3. Du skal finne ut når og kvifor arten Macrauchenia døydde ut. Kva gjer du?

    Skriv ned ei punktliste over korleis du går fram for å finne det ut.

    • Kva for kjelder bruker du?

    • Kva slags informasjon er du ute etter?

    • Kva for type problem er dette?

  4. Du skal meine noko om 16-åringar og stemmerett ved kommunevalg. Er det nytt for deg at det allereie no finst ungdommar i Noreg som får stemme ved val når dei er 16 år?

    Skriv ned ei punktliste over korleis du går fram for å meine noko om saka.

    • Kva for kjelder bruker du?

    • Kva slags informasjon er du ute etter?

    • Kva for type problem er dette?

Strategiar for bruk av kjelder

  • Oppsummer i grupper det de har svart på spørsmåla over.
  • Fortel kvarandre om sist de brukte ei kjelde for finne eit svar eller løyse eit problem de hadde.
  • Oppsummer i klassen.
  • Diskuter i klassen kva som skal til, og kva som krevst av kjelder for å løyse komplekse problemstillingar.
  • Kva for ulike strategiar har de erfaring med i klassen?
  • Lag ein overordna strategi for korleis de vil gå fram når de skal vurdere kva for kjelder de skal bruke, og korleis de skal finne dei.
CC BY-SASkrive av Albertine Aaberge.
Sist fagleg oppdatert 28.08.2018

Læringsressursar

Kjelder og kjeldekritikk