Hopp til innhald
Fagartikkel

Persondata i den digitale marknaden

Persondata er opplysningar som kan identifisere eller knytast til deg. I den digitale marknaden betaler du ikkje alltid med pengar. Ofte betaler du for ei teneste med dei digitale spora du lèt etter deg.

Persondata

Persondata er opplysningar som kan identifisere eller knytast til deg. Dei kan byggjast opp av dei digitale spora du legg att når du surfar, klikkar, fyller ut brukarprofilar, knyter deg til vener, skriv tekstmeldingar og postar bilete.

Mange mediebrukarar reflekterer ikkje over at dei er i ein marknad når dei er aktive på internett, og mange samtykkjer til bruk av eigne data utan å tenkje over konsekvensane.

Den digitale marknaden

Digitale aktivitetar på internett tek deg altså til digitale marknader. Marknader er stader kjøparar og seljarar møtast for å utveksle tenester og verdiar, og i den digitale marknaden har dei personlege dataa dine ein eigenverdi. Du må derfor ikkje alltid bruke pengar når du bruker tenester, du betaler med dei digitale dataa dine.

Persondata som betalingsmiddel

Mediebruken din, altså aktivitetane dine på nett, er verdifulle for produsentar og tenesteleverandørar i digitale marknader, og persondata blir rekna for å vere betalingsmiddel og ei verdifull råvare i den digitale marknaden. I mange tilfelle får du «gratis» tilgang til tenester i byte mot persondataa dine. Desse dataa kan brukast til å vidareutvikle forslag eller produkt til deg, eller seljast vidare på annonsebørsar til den som byr høgast.

Slik blir persondataa dine brukt

Digitale produsentar, tenesteleverandørar og marknadsførarar kan bruke persondataa dine på ulike måtar, til dømes:

  • Dei blir brukte til å forbetre produkt og tenester. På den måten bidreg dataa dine inn i produksjonsprosessar, og du blir ei form for medprodusent.
  • Dei blir selde vidare som ei råvare til bruk for andre aktørar og andre formål.
  • Persondataa dine frå ulike tenester blir sette saman og brukt til å byggje opp ein profil om deg over tid.
  • Persondataa blir brukte til å skreddarsy marknadsføring mot deg, eller dei blir tolka av algoritmar som prøver å påverke vala dine på ulike måtar.

Svarer du "ja" på cookies?

Kvar gong du kryssar av "ja" på cookies og brukarvilkår på nye nettstader og tenester, tek du på deg ansvaret for dei føresetnadene leverandørane har sett.

Spelereglar i den digitale marknaden

Det nye europeiske personverndirektivet (GDPR) stiller krav om at du som forbrukar skal gi aktivt samtykke til lagring, bruk og sletting av eigne persondata. Digitale tenesteleverandørar har dessutan ansvar for å informere deg om kva slags data dei samlar inn om deg og korleis dei bruker dei.

Det betyr at hovudansvaret for persondataa dine blir lagt til deg som forbrukar. Før du kan byrje å bruke ei digital teneste, blir du bedd om å krysse av for at du har lese og gitt ditt samtykke til brukarvilkåra. Det du samtykkjer i ved å krysse av, er kva for data tenesteleverandøren kan samle inn om deg, og korleis dei kan brukast vidare.

Kjelder

Vil du lese meir? Artikkelen er laga med grunnlag i følgjande kjelder:

Kjørstad, I., Rosenberg, T.G., Storm-Mathisen, A. & Slettemeås, D. 2017. Barn og internettilkoplede leker og teknologier – IoT. Oppdragsrapport 3- 2017. Oslo: Forbruksforskningsinstituttet SIFO.
https://oda.oslomet.no/oda-xmlui/handle/20.500.12199/5351


Datatilsynet (2015). Det store datakappløpet. Rapport om korleis kommersiell bruk av personopplysningar utfordrar personvernet. https://www.datatilsynet.no/globalassets/global/dokumenter-pdfer-skjema-ol/rettigheter-og-plikter/rapporter/kommersialisering-norsk-endelig.pdf