Øv deg i kritisk mediekompetanse - Mediesamfunnet 3 - NDLA

Hopp til innhald
Oppgave

Øv deg i kritisk mediekompetanse

Har du eit medvite forhold til media? Jobb med ulike situasjonar og oppdrag som du må ha kritisk mediekompetanse for å løyse.

1. Vurder tre situasjonar

I denne oppgåva får de beskrive tre situasjonar som handlar om medium og mediebruk. De skal så bruke kritisk mediekompetanse for å løyse eit oppdrag.

Situasjon 1: Kritisk til kjelder

Du har eit programfag på vidaregåande som verkeleg interesserer deg. Du bruker mykje tid på nettet og i sosiale medium til å undersøke relevante tema i faget. Mykje av innhaldet er engelskspråkleg, og mesteparten av dette er amerikansk.

I ein time fortel læraren om ein kjend fagperson i fagfeltet som er frå Spania. Du blir nysgjerrig og finn artiklar på spansk, du bruker omsetjingsverktøy for å få hjelp til å forstå innhaldet. Det går opp for deg at her er perspektiva heilt annleis enn dei du i hovudsak har fått med deg gjennom dei typiske nettstadene og kanalane du bruker.

Oppdrag 1

Hjelp! I kor stor grad er eigentleg innsikta di i faget einsidig vinkla? Gjeld det fleire emne? Korleis kan du gå fram for å få meir balansert kunnskap?

Situasjon 2: Kjøp i dataspel

Du har blitt hekta på eit dataspel og har brukt nokre kroner på skins og hjelpemiddel i spelet. Etter kvart innser du at desse småbeløpa til saman utgjer ganske mykje, og du har brukt meir pengar enn du hadde rekna med.

Du les at produsenten av dataspelet er kjend for å ha ein spesielt hissig forretningsmodell for sal i dataspela sine.

Oppdrag 2

Noko må gjerast. Finn ut korleis spelprodusentane lokkar spelarane til å bruke pengar. Kvifor føler du deg lurt til å bruke meir pengar enn du hadde tenkt? Og så: Korleis skal du handtere din eigen pengebruk i dette dataspelet?

Situasjon 3: Bruk av smartmobil

Du har i lengre tid irritert deg over at foreldra dine sit med mobilen ved middagsbordet. Ein dag foreslår du at de skal samanlikne den registrerte skjermtida alle i familien har. Det viser seg at foreldra dine har brukt skjerm omtrent like mykje som deg.

De går inn i ein diskusjon om kva som er fornuftig og akseptabel bruk av skjerm, og kva som ikkje er det. Samtalen går frå å handle om minutt og timar brukte på skjerm i arbeid og i fritid til å handle om situasjonar der det er greitt å bruke mobilen, og situasjonar det ikkje er det.

Oppdrag 3

Kvar går grensa? Når er det greitt, og når er det ikkje greitt å bruke mobilen? 80-årsdagen til bestefar? Kafébesøk med venner? Middag med familien? Diskuter med ein medelev og foreslå 10 skjermvettreglar.

2. Lag situasjonar og oppdrag

I denne oppgåva skal de lage eigne situasjonar, slik som dei de finn i oppgåve 1. Situasjonane skal på ulike måtar setje mediebruk i samanheng med kritisk mediekompetanse.

Bruk følgande titlar eller finn på eigne tema:

  • Fanga i eit ekkokammer

  • Ungdom med ytringsansvar i lokalavisa

  • Bestefar kan ikkje bruke appen

  • Reklamen speler på kjensler

  • Informasjonen er vinkla til fordel for bedrifta

Beskriv to eller tre situasjonar på kvar gruppe og prøv å formulere oppdrag til situasjonen.

3. Del med klassen og diskuter

Del situasjonsbeskrivingar med klassen. Diskuter eit par av dei i fellesskap.

Relatert innhald

Fagstoff
Kva er kritisk mediekompetanse?

Kritisk mediekompetanse handlar om å kunne stille kritiske spørsmål til alt som har med media å gjere: produksjon, språk, representasjon og publikum.

Skrive av Albertine Aaberge.
Sist fagleg oppdatert 27.04.2023