Hopp til innhald

Fagstoff

Publisering og lovverk

Publisering av medieuttrykk er regulert. Du må ta omsyn til bestemte reglar når du skal publisere noko.
Blir ein lov broten, kan publiseringa av eit medieuttrykk ende i retten.
Bilde som viser forskjellige publiseringsmetoder. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Å publisere vil seie å sende medieuttrykket sitt ut i det offentlege rom. Publiserer du noko, er du underlagd dei same reglane som regulerer alle publiserte medieuttrykk.

Reglane gjeld anten medieuttrykka er publiserte av eit kommunikasjons-, reklame- eller designbyrå – eller av ein frilansar som tar betalt for tenestene sine. Sjølv om du som elev har noko meir å gå på enn ein profesjonell aktør, gjeld dei same reglane også for deg, når du publiserer offentleg.

Lovverk og juridisk rådgiving

Opphavsrett, varemerkelova, personopplysningslova og lova om marknadsføring regulerer kva som er lov og ikkje lov. Reglane er ofte kompliserte å setje seg inn i. Får du problemer eller lurer på hva som gjelder av lovgiving ved publisering, er det derfor lurt å søke juridisk rådgiving.

Rødt paragraftegn i forkant av mange hvite. Lov og rett. Foto

Jobbar du med grafisk design, web-design eller illustrasjon og animasjon, eller er student innan desse fagområda, kan du bli medlem av Grafill. Organisasjonen har juridisk rådgiving som ein av tenestene dei tilbyr medlemmane sine.

Dei fleste medlemsorganisasjonar for medieyrke har juristar som du kan få råd frå, anten du jobbar som frilansar eller i eit designbyrå.

Kvifor det blir søksmål

I skulesamanheng er det sjeldan spørsmål om å tene mykje pengar på eit medieprodukt. Derfor skal det mykje til for at ein skuleelev skal få problem av juridisk art.

Når personar eller bedrifter blir saksøkte, er grunnen at saksøkjar veit, eller har grunn til å tru, at nokon tener pengar på eit arbeid som allereie er blitt utført.

CC BY-SASkrive av Andreas Søndervik.
Sist fagleg oppdatert 21.05.2019

Læringsressursar

Opphavsrett