Hopp til innhald

Fagstoff

Varemerkelova

Du har kanskje sett kopiar av kjende merkevarer før? Nokre varemerke representerer ein stor verdi, og varemerkelova skal verne varemerka mot kopiering og forfalsking.
Ein kvit Nike-logo på svart bakgrunn. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Eit viktig ledd i marknadsføringa

Eit varemerke er eit særleg kjenneteikn for varene eller tenestene til ei verksemd, eigna til å skilje varer og tenester frå andre. Dette kan til dømes vere merkenamn og logo. Varemerket skal kunne garantere det kommersielle opphavet til produktet. Eit varemerke som skaper attkjenning, representerer ein stor verdi, og det er verna av varemerkelova.

Varemerke er eit viktig ledd i marknadsføringa. For forbrukaren er varemerka viktige fordi dei skil elles tilsynelatande like varer. Produktvalet til forbrukarane kan kome av kvalitet eller imagebygging, men uansett treng vi varemerka for å finne dei produkta vi vil ha.

For verksemder kan varemerka ha stor kommersiell verdi og utgjere eit sterkt konkurransefortrinn. Verdien av varemerka Apple, Google, Gucci og Coca-Cola er enorm, og han er eit resultat av marknadsføring og merkevarebygging over lang tid.

Mange utformingsmoglegheiter

Eit varemerke må kunne givast att grafisk, men kan elles bestå av alle slags teikn. Det kan vere ord og ordsamband, som namn eller slagord, og det kan vere logoar eller figurar og avbildingar. Andre teikn som blir nytta, er bokstavar, tal, emballasje, lyd og rørsle, eller kombinasjonar av desse. Dei fleste varemerke er todimensjonale, men også tredimensjonale varemerke kan registrerast viss forma er tilstrekkeleg spesiell, som Farris-flaska.

Bilete av piratkopiert stoff av Louis Vuitton. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Etterlikningar og kopiar

Nokon lèt seg freiste til å lage varemerke som liknar suksessrike merke. Det dukkar jamleg opp saker for domstolane der det blir vurdert kor originale merka er, og kor ulike eller like varene eller tenestene er. Denne vurderinga må gjerast etter skjøn.

For nokre år sidan behandla Høgsterett spørsmålet om varemerket "Pascal søtt & salt" kunne registrerast og bestå som varemerke, sjølv om det allereie fanst eit registrert varemerke som heitte "Søtt + Salt". Høgsterett kom til at det ikkje gjekk. Begge verksemdene dreiv i restaurant- og cateringsverksemd innan sjangeren gourmetmat. Det blei slått fast at det ville skape for stor fare for forveksling, og at bruken av "Pascal søtt & salt" derfor måtte forbydast og registreringa kjennast ugyldig.

Tenk over!

Trur du merkenamnet Lowcoste ville blitt godkjent? Kvifor, eller kvifor ikkje?

Sjå på bileta under. Får du assosiasjonar til eit anna merke av å sjå logoen nedanfor? Kva merke, i så fall?

Kva tenkjer du om merkenamnet Lowcoste og logoen til merket i samanheng med varemerkelova?

Ein illustrasjon av ein logo som liknar Lacoste-logoen. Ein grøn krokodille viser tommel opp. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Ei jente i blå skjorte med falskt merke viser tommel opp og blunkar. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ein annan måte å utnytte andre sine varemerke på, er å selje falske produkt, også kalla piratkopiar. Mange av dei kjende merkenamna er utsette for slik kopiering. Nokre av desse produkta har ein utsjånad som er meir eller mindre lik den kopierte originalen, inkludert sjølve varemerket – logo eller merkenamn. Det er derfor ikkje alltid lett å sjå forskjell på "ekte" varer og piratkopiar. Men blir ei vare seld til ein mykje lågare pris enn vanleg, bør du undersøkje om dette kan vere ein piratkopi.

Det er i strid med varemerkelova, og , å selje piratkopierte varer. Likevel er sal av piratkopiar ein omfattande industri, og det er eit stort problem for varemerkeinnehavarane som både taper sal og omdømme.

Falske Gucci-vesker. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Registrering av varemerke

Einerett til eit varemerke i Noreg kan du få ved å registrere det. Det gjer du ved å sende ein søknad til Patentstyret. Einerett kan du òg oppnå gjennom å innarbeide varemerket i marknaden.

Fleire krav må vere oppfylte for å få einerett til eit varemerke. Mellom anna får du ikkje registrert eit varemerke som fonetisk (lydmessig) eller visuelt (utsjånadmessig) liknar til forveksling på eit anna tidlegare registrert eller innarbeidd varemerke eller føretaksnamn for same type varer og tenester.

Merke som berre beskriv vara, kan heller ikkje registrerast. Ordet "grovbrød" for brød kan ikkje registrerast som varemerke. Varemerket må nemleg vere eigna til å skilje varene eller tenestene dine frå andre sine. Det er òg mogleg å søkje om varemerkeregistrering i andre land enn ditt eige. Dei store merkeinnehavarane søkjer gjerne registrering på verdsbasis.

Patentstyret gir rettar til varemerke, design og patent i Noreg. Du finn informasjon og rettleiing om framgangsmåte og vilkår for å registrere på nettsida til Patentstyret.

Ifølgje varemerkelova § 3 er det òg mogleg å oppnå einerett til å bruke eit varemerke utan registrering dersom det er innarbeidd i marknaden, og dersom det er godt kjent som eit kjenneteikn for det gjeldande produktet.

Relatert innhald

Designlova hindrar at andre kan kopiere utsjånaden til eit produkt du har laga. Men då må du først registrere rettane til designet ditt.

CC BY-SASkrive av Elisabeth Thoresen Olseng og Bente Holmvang.
Sist fagleg oppdatert 29.11.2017

Læringsressursar

Opphavsrett