Hopp til innhald

Fagstoff

Åndsverk, verkshøgd og dokumentasjon

For å bli rekna som eit åndsverk må eit kreativt arbeid ha verkshøgd. Dokumentasjon av den kreative prosessen blir brukt for å bevise eigarskap og verkshøgd.
Ein person med  joggesko står framfor ein gul strek. Grense. Foto
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva betyr verkshøgd? Og kva er eit åndsverk?

I åndsverklova heiter det at ein opphavar har rett til sitt eige verk. I lova står det også at eit verk må ha verkshøgd. Det vil seie at «ei tilstrekkeleg mengd original og skapande innsats» er lagt i arbeidet med verket. Då blir det rekna for å vere eit åndsverk.

Kva gjer eit design til eit åndsverk?

I ei rettssak er det opp til domstolane å avgjere om det er dokumentert «tilstrekkeleg mengd original og skapande innsats» i kvart enkelt tilfelle.

Du må sannsynleggjere at du har brukt meir enn nokre minutt på å skrive ned eit ord med ein eksisterande font og deretter sett ordet inn i ein sirkel. Viss ikkje, er det tvilsamt om retten vil meine at det er nok original eller skapande innsats.

Dokumenterer du at designen er resultat av ein omfattande skisse- og designprosess, der mange alternativ har blitt utprøvd, er saka annleis.

I ein logo vil ofte éin eller fleire bokstavar ha blitt arbeidd med på ein slik måte at det ikkje lenger er snakk om berre eit tastetrykk. Prosessen viser at det har vore gjort ein skapande innsats.

Ferdige vektor-logoar

Original kontra plagiat.  Plagiat er strøket over. Bilde.

Ein designar blir ikkje betalt for å bruke ferdige vektor-logoar. Det finst døme på kjappe, og lovlege, måtar å lage ein logo på, som er basert på ferdige malar frå ulike vektor-nettstader. Du set inn namnet til bedrifta og gjer små justeringar.

Hugs at når logoar blir laga basert på slike ferdige vektorar, er det ikkje brukt «ei tilstrekkeleg mengd original og skapande innsats».

Då kan heller ikkje logoen bli sett på som eit åndsverk. Og andre kan lage eit design som liknar, utan at bedrifta kan nekte dei det.

Korleis dokumentere arbeidet med eit åndsverk?

Korleis kan du dokumentere at det ligg ein solid prosess bak designen din, og at logoen din er «eit resultat av ei tilstrekkeleg mengd original og skapande innsats»?

Gi ei oversikt over prosessen du har gått gjennom for å skape logoen eller designen:

  • røffe idéskisser på papir
  • detaljerte skisser
  • fleire versjonar av den ferdige logoen (laga i Illustrator eller tilsvarande program)
  • kommunikasjon med kunde

Kan du i tillegg vise fram ein logg over kommunikasjon med kunden, dokumenterer du at logoen er resultatet av ein prosess – ikkje berre noko du kjapt smurde saman mens du drakk ein kopp kaffi.

CC BY-SASkrive av Andrea Søndervik.
Sist fagleg oppdatert 21.05.2019

Læringsressursar

Opphavsrett