Hopp til innhald

Fagstoff

Vurdering av skriftleg eksamen i mediesamfunnet 3

Korleis blir skriftleg eksamen vurdert, og korleis kan du oppnå høg måloppnåing? Set deg inn i eksamensrettleiinga, som gir informasjon om vurdering og kjenneteikn på måloppnåing.
Elevar i eit klasserom som jobbar med oppgåver på pc-en. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Skriftleg eksamen blir vurdert av to sensorar som ikkje jobbar på skulen din. Utdanningsdirektoratet har laga ei sensorrettleiing som sensorane må bruke når dei skal bli einige om kva karakter du skal få på svaret ditt. Denne rettleiinga skal du òg ha tilgang til før eksamen.

Bruk av kjelder

Sensorane skal vite kva kjelder du har nytta. Derfor må du oppgi forfattar og fullstendig tittel på alle bøker, og nøyaktig nettadresse og nedlastingsdato til dei nettsidene du har brukt som kjelder i svaret ditt.

Sensor har høve til å køyre plagiatkontroll. Dersom du klipper og limer innhald frå kjelder utan å bruke referansar, kan svaret ditt bli sett på som fusk.

Dette vurderer sensor

Heilskap

  • om eksamenssvaret er eit presist og relevant svar på oppgåva

Fagomgrep og kunnskapar

  • om relevante fagomgrep blir brukte på ein presis måte
  • om samanhengar i faget blir forklarte og reflekterte over
  • om mediefaglege omgrep, perspektiv og fagstoff blir sette i samanheng

Metodar, arbeidsmåtar og ferdigheiter

  • i kva grad eksamenssvaret viser innsikt i tradisjonelle og nye
    arbeidsformer i mediebransjen
  • i kva grad eksamenssvaret aktivt bruker døme frå aktuell samfunnsdebatt
  • i kva grad eksamenssvaret vurderer og reflekterer over problemstillingar
    knytte til etiske normer og gjeldande regelverk
  • i kva grad eksamenssvaret drøftar og dokumenterer kjelder som er i bruk

Kjenneteikn på måloppnåing

Karakterane 1 til 6 viser i kva grad du har nådd dei kompetansemåla som eksamensoppgåva testar deg i.

Utdanningsdirektoratet har laga kjenneteikn på måloppnåing, slik at du kan sjå kva kompetanse du må kunne vise til i svaret ditt for å oppnå til dømes ein 3-ar eller ein 5-ar.

Ta gjerne med deg skjemaet på eksamen, og bruk det som ei sjekkliste når du kontrollerer om svaret ditt held mål.

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal og Eva Sophie Wolff-Hansen.
Sist fagleg oppdatert 04.11.2021

Læringsressursar

Om skriftleg eksamen i mediesamfunnet 3