Hopp til innhald

Fagstoff

Kva kjenneteiknar eit godt eksamenssvar?

Har du vorte trekt ut til skriftleg eksamen i mediesamfunnet 3? Her får du døme på eksamensoppgåver, og tips til korleis du kan skrive eit godt eksamenssvar.
Elevar som sit i eit klasserom og jobbar med eksamensoppgåver på pc. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

På skriftleg eksamen i mediesamfunnet 3 skal du vise at du har evne til å diskutere, drøfte og reflektere rundt faglege problemstillingar. I svaret skal du vise fagkunnskap, du skal bruke mediefaglege omgrep og vise til fagteori.

Eksamen går over to dagar, med éin førebuingsdag og éin eksamensdag. På eksamensdagen har du fem timar til å svare på ei skriftleg oppgåve. Alle hjelpemiddel er tillatne, bortsett frå ope internett og verktøy som kan brukast til kommunikasjon.

Døme og vurderte svar

Du kan finne døme på eksamensoppgåver i mediesamfunnet 3 og ulike eksamenssvar med karakter på nettsidene til Skrivesenteret.

Kva kjenneteiknar eit godt svar?

Hugs at problemstillinga eller temaet til oppgåva skal gå som ein raud tråd gjennom heile teksten. Kontroller at det du skriv om i svaret, faktisk er eit svar på det oppgåva ber om.

Les oppgåveteksten godt og planlegg svaret ditt. Legg oppgåva opp til ein spesiell sjanger? Er det eit argumenterande debattinnlegg eller ein drøftande fagartikkel du skal skrive?

Tema- og kommentarsetningar

Del teksten inn i avsnitt. Gjennom tema- og kommentarsetningar kan du gi svaret ditt god tekstbinding, heilskap og samanheng.

Skriv ei temasetning først i avsnittet, her kan du formulere hovudbodskapen i tekstdelen. Kommentarsetningar kjem etter temasetninga, dei kan innehalde døme og argument som gir utfyllande informasjon.

Drøfting

Gjennom drøfting kan du vise at du har forstått og kan nytte fagstoff. Føremålet med drøftinga er å klargjere ulike sider ved eit spørsmål på ein nyansert måte. Trekk fram vesentlege argument og vurder dei kritisk.

Nærbilete av ei hand som skriv på tastatur. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Vis relevant fagkunnskap

I oppgåvesvaret skal du vise mediefagleg kunnskap. Det kan du gjere gjennom å bruke mediefaglege omgrep som klargjer problemstillinga. Knyt omgrepa til argumentasjonen din, og vis at du forstår fagomgrepa.

Svaret skal vise at du har oversikt, og at du er i stand til å sjå samanhengar i faget. Trekk inn døme på relevant teori og forsking frå mediefaga, og set dette i samanheng med problemstillinga eller temaet i teksten din.

Du kan til dømes vise til teoriar om mediepåverknad eller trekkje inn tema som ytringsfridom eller samfunnsoppdraget til pressa, dersom det er relevant for innhaldet og vinklinga i oppgåvesvaret ditt.

Du kan òg trekkje inn fagkunnskap knytt til retorikk eller etiske normer og gjeldande regelverk, dersom det er aktuelt for teksten du skal skrive. Vurder kva som er relevant for oppgåva di. Poenget er at du skal knyte aktuell fagkunnskap til temaet du skriv om.

Vis til aktuelle kjelder på korrekt måte

Ein god måte å grunngi argumentasjonen i teksten på, er å vise til kjelder. Bruk av relevante døme og pålitelege kjelder for å grunngi påstandar gir tyngde til svaret.

Svaret skal vise at du har innsikt i tema frå offentleg samfunnsdebatt. Bruk førebuingsheftet aktivt og vis til utvalde tekstar der.

Sitatretten i åndsverklova § 22 gir deg rett til å sitere frå kjelder i eige arbeid og plikt til å føre opp referansar til kjeldene. Dokumenter og vis til kjelder på ein korrekt måte.


Kjelder






CC BY-SASkrive av Eva Sophie Wolff-Hansen.
Sist fagleg oppdatert 16.02.2022

Læringsressursar

Om skriftleg eksamen i mediesamfunnet 3