Hopp til innhald

Fagstoff

Skriftleg eksamen i mediesamfunnet 3

Denne rettleiinga gir tips og råd om førebuingar, kjeldebruk og disposisjon av arbeidet med å svare på eksamensoppgåva i Vg3 mediesamfunnet.
elever som forbereder seg
Opne bilete i eit nytt vindauge

Skriftleg eksamen i mediesamfunnet går over to dagar, éin førebuingsdag og éin eksamensdag.

Du får tre oppgåver til eksamen.

  • I oppgåve 1 forklarer du fagomgrep.

  • I oppgåve 2 bruker du fagomgrep, gjerne til mindre analysearbeid.

  • I oppgåve 3 drøftar du eit tema og set det inn i eit større samfunnsfagleg perspektiv.

Det er anbefalt at du bruker omtrent 20 % av tida på den første oppgåva, 30 % på den andre og 50 % på den siste oppgåva.

Førebuingsdagen

Tema for eksamen får du på førebuingsdagen.

Førebuingsheftet inneheld sentrale tema, utvalde tekstar, tilvisingar til kjelder og kanskje bilete. Gjennom førebuingsdagen er læraren tilgjengelag og gir rettleiing.

  1. Les heftet nøye.
  2. Sett deg inn i oppgitte tema:
    • Kva for fagomgrep, fagområde og eventuelt teoriar er sentrale for dei ulike temaa?
    • Kva for saker er relevante frå den offentlege debatten?
    • Korleis har du jobba med desse temaa tidlegere?
  3. Definer fagomgrep og formuler problemstillingar som er relevante for temaa som er lista opp.
  4. Samarbeid om å finne relevant informasjon i kjeldene som er lagt ved heftet. Undersøk nærmare viss det er uttrykk og avsnitt du ikkje forstår.
  5. Søk, finn og plukk ut relevant informasjon også frå andre pålitelege kjelder, – ressursar frå NDLA, lærebøker i mediefag og andre fagleg relevante kjelder.
    • Er du usikker på kvaliteten på kjelda, bruk TONE og utøv kjeldekritikk.
  6. Plukk ut og organiser sitat frå kjelder du vil kunne få bruk for på eksamensdagen.
  7. Når heftet har vedlagt meiningsytringar og kronikkar, ta stilling til argumenta som blir presenterte, – gjerne med utgangspunkt i det du kan frå mediefaget, og dine eigne erfaringar med media.

Relatert innhald

Når du gjer nettsøk, kan du bruke strategiar for navigasjon og bruk av søkjeord, du kan planleggje og dokumentere søk, og du kan bruke lesestrategiar.

Eksamensdagen

I oppgåvesvara skal du vise evne til å diskutere, drøfte og reflektere rundt faglege problemstillingar.

Korleis skrive gode eksemenssvar?

  • Les oppgåveteksten godt og planlegg svaret ditt.

  • Lag ein enkel disposisjon og svar utfyllande på alle delar av oppgåva.

  • Vis solid fagkunnskap! Du skal bruke relevante fagomgrep og teoriar på ein presis og sjølvstendig måte.

  • I svaret skal du drøfte, argumentere og vise til sjølvstendig refleksjon.

  • Eksamenssvaret skal vise at du har innsikt i og kan vise til aktuelle døme og tema frå offentleg samfunnsdebatt. [utan komma]

  • Du skal òg kunne vurdere og reflektere rundt problemstillingar knytte til etiske normer og gjeldande regelverk.

  • Drøft og dokumenter kjeldebruk. Før opp kjelder når du bruker dei undervegs i teksten, og set opp ei kjeldeliste til slutt i oppgåva. Knyt eigne kommentarar eller drøftingar til kjeldene du nyttar deg av i oppgåva.

  • Les godt gjennom det du har skrive før du leverer.

Disposisjon

Legg oppgåva opp til ein spesiell sjanger? Er det eit argumenterande debattinnlegg eller ein drøftende fagartikkel du skal skrive?

Det er viktig at oppgåvesvaret følgjer oppsettet til ein gitt sjanger, dersom det blir spurt etter i oppgåva.

Denne disposisjonen kan du bruke på kvar enkelt oppgåve

  1. Innleiinga: Presenter oppgåva og forklar korleis du svarer på ho. Kva for kjelder bruker du? Kvifor vel du dei kjeldene du har valt? Korleis bruker du kjeldene i ditt eige svar?

  2. Svar- og drøftingsdel: Formuler svar og underbygg med kjelder.

  3. Avslutninga: Oppsummer og konkluder, eller set sluttstrek.

Relatert innhald

Du skal kunne trekkje inn relevante kjelder i fagtekstar du leverer på skulen. Gode strategiar hjelper deg å gjere dette sjølvstendig og utan plagiat.

Sitatretten i åndsverklova §22 gir deg rett til å sitere frå kjelder i eige arbeid og plikt til å føre opp referansar til kjeldene.

CC BY-SASkrive av Albertine Aaberge og Ragna Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 14.02.2022

Læringsressursar

Om skriftleg eksamen i mediesamfunnet 3