Hopp til innhald

Fagstoff

CO2-utslepp og -lagring

Kva er klimagass, og korleis kan vi fange og lagre CO2 utsleppa frå oljeindustrien? Målet er å bli ein berekraftig industri som bidreg til reduksjon av klimagass-utslepp.
C O 2-fangst i plantar. Ei sky som det står C O 2 på, svever over bakken. Ulike plantar på bakken. Ei pil går frå skya og under bakkenivå der det er fleire røter. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva er CO2?

CO2, eller karbondioksid som det heiter, er ein naturleg gass på jorda. Levande vesen pustar ut CO2 som eit avfallsstoff når vi har brukt det vi treng frå lufta. CO2 blir fanga i blada til plantar, og plantane bruker gassen i fotosyntesen. Naturleg utslepp av CO2 går på denne måten i eit krinsløp.

Ved ein skogbrann eller bustadbrann blir mykje CO2-gass frigjord. CO2-gass blir òg frigjord ved brenning av olje, naturgass og kol.

Fabrikkar, framkomstmiddel og bustader slepp ut mykje CO2. Det ikkje mogleg å lage mobilen eller PC-en din utan å produsere CO2 i prosessen. Matproduksjon, landbruk og skogbruk produserer òg CO2.

Kva er klimagass?

Klimagass er ein gass som fangar opp varme. CO2 er ein slik klimagass.

På grunn av at vi slepp ut CO2 frå menneskelagd teknologi, klarer ikkje plantane å fange alt overskotet. Det betyr at vi har for mykje utslepp av klimagassen, slik at klimaet på jorda bli oppvarma.

Kan vi fange CO2?

I videoen blir det forklart kva karbonfangst er. Stemmer det at vi ikkje kan fange CO2?

Kan vi fange og lagre CO2?

Oljeindustrien har stort fokus på å bli meir berekraftig. For å oppnå det er eit steg på vegen å fange og lagre CO2-gass.

På Sleipner-feltet er det så mykje CO2 i naturgassen at han blir reinsa før han blir transportert vidare og seld. CO2 frå naturgassen blir pumpa ned i havbotnen igjen. Sidan starten i 1996 er meir enn 23 millionar tonn CO2 trygt lagra på Sleipner. Snøhvitfeltet har lagra CO2 sidan 2008.

Ekspertintervjuet: Slik fanger du CO2 (energiogklima.no)

Sjå video om CO2-fangst: CO2-fangst ved Norcem Brevik (youtube)

Vil du lære meir om CO2-fangst og -lagring? Det kan du lese meir om på sida Karbonfangst og -lagring (CCS) (energiogklima.no).

CC BY-SASkrive av Sissel Paaske.
Sist fagleg oppdatert 18.03.2021

Læringsressursar

Berekraftig teknologi og økonomi