Hopp til innhald

Fagstoff

Oljefondet

Noregs inntekter frå oljeverksemda blir overført til Oljefondet. Formålet er å sikre ei ansvarleg og langsiktig forvaltning av inntektene slik at formuen kjem både notidige og framtidige generasjonar til gode.
Rosa sparegris med briller står ved sida av ein kalkulator. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

På sida til Oljefondet (nbim.no) kan du sjå verdien av fondet i notid. Her kan du òg lese litt om opphavet til fondet og om korleis pengane er investerte for framtida. Det offisielle namnet til fondet er Statens pensjonsfond utland.

Til ettertanke

Er det riktig å seie at norsk oljeindustri bidreg til ei berekraftig framtid?

CC BY-SASkrive av Sissel Paaske.
Sist fagleg oppdatert 07.04.2021

Læringsressursar

Berekraftig teknologi og økonomi