Hopp til innhald
Fagartikkel

Gjenbruk av teknologi

Teknologiar som er utvikla for oljebransjen, blir òg brukte i andre næringar. Nokre er viktige for effektivisering i produksjon, andre kan bidra til eit betre miljø og reduksjon av klimautslepp.

Mykje godt kjem ut av oljebransjen. I denne oversikta ser vi på tekniske løysingar som er utvikla for oljebransjen, og som òg er tekne i bruk i andre næringar.

CO2-lagring i brønnar under havbotnen

Injeksjonsbrønnar blir bora ned til reservoaret og blir brukte til å auke oljeproduksjonen frå reservoaret. På Sleipner- og Snøhvit-felta er det allereie lagra meir enn 25 millionar tonn CO2-gass.

Teknologien er vidareført til injeksjon og lagring av CO2-gass i landbasert industri. Norcem Heidelbergs sementfabrikk i Brevik har stort fokus på produksjon utan utslepp.

På sidene til Norsk olje og gass kan du lese meir om CO2-fangst og -lagring (norskoljeoggass.no).

Spor etter vikingar

I 2017 starta utforskinga av havbotnen i Hafrsfjord. Her blir det leita etter bevis på at slaget ved Hafrsfjord skjedde i år 872. Havbotnen blir kartlagd med sonarar og skannarar som er utvikla for offshoreindustrien. Deretter blir informasjonen tolka av spesialistar i selskap som har jobba med slikt for oljebransjen.

Geopluss (geopluss.no) har meir informasjon om denne teknologien.

Reddar liv med oljekompetanse

Vedlikehaldsrutinar og overvakingssystem for vedlikehald på norsk sokkel er digitaliserte slik at ein automatisk blir varsla når tida for vedlikehald nærmar seg.

Den same teknologien er teken i bruk til å føresjå vedlikehaldsbehov på medisinteknisk utstyr, betre logistikkflyt og optimalisere skift- og bemanningsplanlegging. Programma er vidareutvikla til å føresjå når risikoutsette pasientar som blir lagde inn på sjukehus, er i ferd med å nå kritiske tilstandar.

Globus AI er bedrifta som starta med ideen, og det kan du lese meir om på sida Redder liv med oljekompetanse (norskoljeoggass.no).

Nye vassrøyr utan graving

Boreteknologi som er utvikla for oljebransjen, blir brukt i Horten. Der blir det bora samband mellom vassrøyr og hus slik at graving i gatene blir unngått. Teknologien bruker robot til boring og kopling av vassrøyr.

Techni (techni.no) har meir informasjon om teknologien.

Havbotnsstrukturar til oppdrettsnæringa

Vernedeksel og støttestrukturar til havbotnsinstallasjonar var opphavleg laga i stål. Det krev mykje vedlikehald og inspeksjon. Teknologisk utvikling gjorde det mogleg å lage dei same strukturane i glassfiberarmert polyester og andre komposittmateriale.

Materialet har låg vekt, høg styrke og avgrensa CO2-avtrykk. Det passar òg veldig bra til undervasstrukturen i oppdrettsnæringa og kan i tillegg brukast til landbaserte oppdrettskar.

På sida A Leading EPC contractor of Composite Solutions (csub.com) finn du meir informasjon om denne teknologien.

Feltsjukehus og kommandosenter frå oljelenser

Oljelenser er lange puter fylte med luft som blir lagde ut for å avgrense oljesøl. Desse vart utvikla allereie på slutten av 1970-talet.
Materialet og teknologien har deretter vorte tekne i bruk til å utvikle beredskapstelt til forsvaret, sivilforsvaret og humanitære organisasjonar. Desse telta er store og raske å setje opp.

NorLense (norlense.no) har meir informasjon om denne teknologien.

Flytande havvindturbinar

Havvind skal bidra til å dekkje energibehovet med fornybar energi. Det er ingen tvil om at teknologien som blir brukt til flytande havvindturbinar, er henta frå oljebransjen. Dei flytande turbinane blir ankra etter det same prinsippet som flytande installasjonar for oljebransjen.

Mange ulike teknologioverføringar

Fiskerinæringa, vindkraft, kommunikasjon og overvaking – det er veldig mange område som bruker teknologi frå oljenæringa. Bransjen har laga ei eiga skryteside om temaet: Norske teknologioverføringer fra olje og gass til andre næringer (teknologioverforinger.no).

På sida Trenger kompetansen i olje- og gassindustrien (norskoljeoggass.no) kan du høyre ein samtale om karbonfangst og framtida i oljebransjen.

Til ettertanke

  • Kva i oljebransjen kan seiast å vere berekraftig? Er det gjenbruken, økonomi, teknologi eller menneskelege ressursar?

  • Korleis bidreg oljebransjen til positiv teknologisk utvikling?

CC BY-SA 4.0Skrive av Sissel Paaske.
Sist fagleg oppdatert 19.04.2021