Film og filmklipp
Retningslinje for fjernoperert røyrhandtering
Retningslinjer og rutinar for fjernoperert røyrhandtering i bore- og brønnoperasjonar er utarbeidde som eit resultat av krav frå Ptil om risikoreduksjon for personell offshore. Det er registrert ein betydeleg nedgang i klem- og handskadar etter at desse krava blei innførte.
På boredekket og på røyrdekket er dei fleste røyrhandteringsoperasjonane fjernopererte. Til dette er det utvikla mange ulike maskiner som har kvar si oppgåve. Videoen viser korleis røyr blir opererte med ei fjernstyrt maskin.
Retningslinje 081 frå Norsk olje og gass
Det er enkelte operasjonar der det er svært vanskeleg eller urimeleg å stille krav om fjernoperert røyrhandtering, men standard arbeidsoperasjonar skal ha fjernoperert røyrhandtering på norsk sokkel. Eventuelle avvik frå retningslinje 081 skal behandlast internt i selskapa.
Relatert innhald
Fagstoff
Rørhåndtering på rørdekkRørhåndtering på rørdekk er automatisert og gjøres med spesialutstyr for å sikre mennesker mot skade.