Arbeid i høgda
Det blir utført mykje arbeid i høgda i arbeidslivet. Både fastmontert, rørleg og mellombels utstyr krev vedlikehald og ettersyn. Arbeid i høgda er definert som alt arbeid meir enn ein meter over bakkenivå. Ein bruker ulike hjelpemiddel og sikringssystem for å unngå ulykker ved arbeid i høgda.
Særleg utstyr i boretårnet er utsett for ristingar og vibrasjonar som gjer at det må sjekkast hyppig. Reparasjon og vedlikehald kan medføre arbeid i høgda, som til dømes skifte av delar som må vere på plass å kunne halde fram operasjonen. Det kan vere smørjing av utstyr og reinhald for å vere proaktiv for å unngå unaudsynlege stopp i operasjonen.
Det meste av arbeidet i høgda skjer i ridebelte der ein blir køyrd med ein manrider-vinsj. Ein manrider har ein maks løftekapasitet på 150 kg. Vinsjen skal ikkje brukast til utstyr eller andre tunge gjenstandar.
Relatert innhald
Bruk av ridebelte skal avgrensast og må aldri reknast som ein rutineoperasjon.
Arbeid kan òg utførast frå gangvegar som er tilgjengelege i boretårnet. Ved større arbeidsoperasjonar der det er vanskeleg å kome til frå gangveg, blir det bygd stillas.
Arbeidstilsynet har stort fokus på farar, prosedyrar og alternative løysingar for arbeid i høgda, sjå sida Arbeid i høyden (arbeidstilsynet.no).
Ved arbeid i høgda er det strenge krav til sikring av verktøy og anna utstyr som skal vere med opp i høgda. På boredekk er det eit eige verktøyskap for arbeid-i-høgda-verktøy. Verktøyet er utforma slik at ein kan feste sikringsutstyr til verktøyet. Sikringa skal festast i personen som skal gjere arbeidet i høgda. Ei anna løysing er ein spesialdesigna verktøybag som kan takast med opp i høgda om det er mykje verktøy som trengst for ein arbeidsoperasjon.
Alt verktøy og sikringsutstyr som blir brukt for arbeid i høgda, skal loggast i ei loggbok. Når arbeidet er ferdig, skal utførande personell signere i loggen for at verktøyet er tilbake på plass der det høyrer heime. Det er særs viktig å følgje prosedyren slik at alle veit at alt av verktøy er tilbake på plass når arbeidet er ferdig.
For å hindre at verktøy og utstyr blir gløymt att, skal det gjennomførast ein DROPS. Til og med gjennomføring av DROPS er arbeid i høgda, og den skal utførast av nokon som ikkje deltok i arbeidet forut. Det gjer at vi får "nye" auge inn på området for å sjekke etter moglege lause gjenstandar. Ofte blir DROPS kombinertmed anna arbeid som kjem innunder generelt reinhald og vedlikehald.
Relatert innhald
Gjennom denne prosjektoppgåva kan du lære meir om planlegging av arbeid i høgda.