Fagartikkel
Vær ein kjeldegranskar på eit internett full av løgner
Du har sikkert opplevd rykte og usanningar på sosiale medium og på Internett. Kanskje har du også spreidd slike vidare til venner og andre. Men korleis kan du sjekke om noko er sant eller usant på nettet?
På nettet spreier rykte og usanningar seg veldig fort. Ei slik medviten og planlagd løgn blir kalla ei avisand (hoax på engelsk). Ordet hoax er ei avleiing av ordet «hokuspokus», som også blir brukt på norsk når tryllekunstnaren for eksempel trekkjer ein kanin opp av hatten.
Eit godt eksempel på ein slik hoax er aprilspøken BBC gjennomførte i 1957 om spagetti-innhausting i Sveits.
Kjem du over noko på nettet som du meiner er for godt til å vere sant, kan desse nettstadene hjelpe deg med å sjekke sanningsverdien: