Hopp til innhald

Fagstoff

Les kritisk

Aldri har vi møtt så mange tekstar som vi gjer i dag. Årsaka er digitaliseringa av samfunnet. Opnar du Internett, vil du finne ein flaum av ulike tekstar. Men korleis skal du gå fram for å bli ein aktiv og kritisk lesar av desse tekstane?
Kvinne som ser gjennom forstørringsglas. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Eit sensasjonelt nyhende!

11. oktober 2019 kunne Noregs befolkning lese at no skulle Byrådet i Oslo kome med ein inngripen i folk sitt privatliv som ikkje hadde blitt gjort sidan krigen. Dei skulle nemleg starte med matrasjonering:

Det blir stadig klekket ut nye radikale tiltak som visstnok skal «redde klimaet». Et av de drøyeste og mest vanvittige til nå er forslag om å rasjonere tilgangen til kjøtt med 80 %. Dette kom fram på en klimakongress i København (...). (Kristiansen, 2019).

Dette er utdrag frå ein artikkel som blei publisert på Document.no. Artikkelen seier at Byrådet i Oslo ønskjer å rasjonere kjøt til bebuarane i hovudstaden for å "redde klima".

Reaksjonane lét ikkje vente på seg blant nettstaden sine over 40 000 følgjarar på Facebook. Somme av dei brukte ord som "kommunistisk" og "galskap" om Byrådet sitt forslag. Kan eit byråd gripe inn i privatlivet til innbyggjarane i hovudstaden på denne måten?

Svaret viste seg å vere "nei". Faktisk.no, ein uavhengig organisasjon som faktasjekkar samfunndebatten i Noreg, undersøkte alle påstandane i artikkelen frå Document.no. Undersøkinga viste at påstandane om kjøtrasjonering "faktisk var heilt feil". Byrådet hadde ingen slike planar.

Diskuter:

Har de nokon gong lese noko på internett de har tvilt på om er sant?

Har de trudd på noko de las som seinare viste seg å ikkje stemme?

Å lese kritisk

Saka viser kor viktig det er å vere kritisk til det du les. Men kva betyr det eigentleg "å lese kritisk"?

Når du les kritisk, skal du:

  1. Vere ein aktiv, ikkje passiv lesar. Det vil seie at du ikkje berre er oppteken av kva teksten handlar om, men òg korleis han formidlar bodskapen sin.
  2. Stille spørsmål til det du les: Kva vil denne teksten eigentleg med meg? Kven har skrive han, og kvifor har dei skrive han akkurat på den måten?

Oppsummert kan vi seie at når du les ein tekst passivt, så les du ukritisk og med teksten. Men når du er ein aktiv og kritisk lesar, så les du mot teksten. Det å bli ein god kritisk lesar er ikkje noko du blir over natta. Det er ei evne du må øve opp.

Tekstflaumen

I det digitale samfunnet i dag må vi handtere enormt mange tekstar på same tid. Om du stirer på PC-skjermen ein times tid, har du kanskje sett 20 delingar av nyhende-saker på sosiale medium, alle frå ulike nettstader, lese i fire ulike nettaviser og sett tre YouTube-videoar som krev at du ser på reklame først. I tillegg har du kanskje ei lærebok i venstre hand og mobilen i høgre.

Internett kan vere ei velsigning. No treng vi ikkje lenger vere i tvil om kva som er hovudstaden i Burundi (Gitega), eller kven som vann Oscar for beste kvinnelege hovudrolle i 2017 (Emma Stone). Kunnskap er makt! Dessutan kan internett føre til auka demokratisering: Kven som helst kan skrive om kva som helst til kven som helst.

Tekstflaumen krev kritiske lesarar

Men denne fordelen krev òg at vi som les tekstane må bli kritiske lesarar. For kven er alle desse menneska som skriv? Kva vil dei oppnå? Og ikkje minst: Stemmer det dei skriv? Inntrykka er enorme. Korleis i all verda skal du klare å stille deg kritisk til alle desse tekstane?

Fire spørsmål til den kritiske lesaren

Den aktive lesaren stiller altså spørsmål og les mot teksten. Her får du råd om gode spørsmål du kan bruke for å bli ein kritisk lesar:

1. Kva vil denne teksten meg?

Dei fleste tekstar har ein dagsorden. Somme vil informere, somme vil overtyde om ei sak, og andre vil ha deg til å kjøpe noko. Første bod er altså å finne ut av kva akkurat den teksten du har føre deg, vil.

Ei undersøking av Document.no sin artikkel om kjøtrasjonering viser at han har eit veldig tydeleg formål: Han vil overtyde lesarane sine om at byrådet i Oslo ønskjer å bestemme kva Oslo-bebuarar et til middag. I Noreg er vi vande til å leve i fridom og kunne gjere kva vi vil. Dermed er det ikkje rart artikkelen vekkjer sterke kjensler og får følgjarane til å be om "ei mentalundersøking" av leiaren i Byrådet, Raymond Johansen.

Svar: Teksten vil at eg skal bli sint på Byrådet fordi dei skal gripe inn i folk sitt privatliv.

2. Kven er avsendaren?

Dei fleste nettstader har ein knapp der det står "om oss". Gå inn på denne og finn ut kva nettstaden seier om kven som står bak sida og kva for ein dagsorden dei har. Men dette er ikkje nok. I tillegg bør du søkje på nettet og finne ut kva andre seier om nettstaden.

Kva seier kjelder på internett om nettstaden Document.no? Eit søk på nettet vil vise deg at det er ei omstridd side som først og fremst er innvandringskritisk og ofte farer med konspirasjonsteoriar. I tillegg vil du kjapt finne ut at det var eit av favorittnettstadene til terroristen og ultranasjonalisten Anders Behring Breivik. Det er altså klart at dette er ei nettside som har sterkt høgrevridde verdiar.

Då kan ein stille seg spørsmålet: Har Document.no skrive teksten for å ramme Byrådet? Byrådet er sett saman av parti på venstresida, parti Document.no ikkje liker.

Svar: Avsendaren er ei nettside som er sterkt høgrevridd, noko som påverkar bodskapen. Det er ikkje nøytralt.

3. Kjenn igjen premissane i utsegna

Ein premiss er eit faktum eller ein påstand som forfattaren går ut frå at det er einigheit om, og som derfor ikkje treng nokon nærare grunngiving. Men hugs at premissar ikkje nødvendigvis treng å vere sanne!

Prøv deg sjølv på eit utdrag frå artikkelen til Document.no. Utdraget handlar om klimakrisa. Kva er premissane i dette avsnittet?

Ja, noen mener faktisk at denne krisen allerede er et faktum. I en rekke byer, blant andre Oslo, har politikerne til og med erklært at det ER klimakrise. Det er uklart hva denne «erklærte» og altså pågående krisen består i, og hvilket utslag den gir seg. For det er ikke så enkelt å få øye på. Været er som vanlig. Natt følger dag. Det går mot vinter. Snøen har kommet ekstra tidlig mange steder.

Løysingsforslag

Teksten stiller seg kritisk til påstanden om at klimakrisa er eit faktum. Årsaka er at "Været er som vanleg". Dette er endå ein premiss som ikkje alle er einige i. Det finst jo påliteleg forsking som viser at premissen er usann: Vêret er ikkje som vanleg. Sjølv om det snør ein dag, betyr ikkje det at det over tid ikkje er global oppvarming. Argumenta som er brukte for å støtte opp om premissen, er at "natt følgjer dag" og "snøen har kome ekstra tidleg". Og akkurat som premissen er usann, er argumenta som skal støtte opp om premissen, svake.

Svar: Teksten bruker premissar forskarar meiner er usanne: Dermed er det all grunn til å vere skeptisk til påstandane i teksten.

4. Kva verkemiddel bruker teksten?

Analyser teksten ved å nærlese han og setje namn på verkemiddel. Då kan du finne ut korleis han prøver å påverke deg. Bruker sida mange verdiladde ord, sarkasme eller andre språklege verkemiddel som gjer at ho ikkje verkar nøytral?

Prøv deg sjølv på eit utdrag frå artikkelen om kjøtrasjonering:

Det blir stadig klekket ut nye radikale tiltak som visstnok skal «redde klimaet». Et av dei drøyest og mest vanvittige til nå er forslag om å rasjonere tilgangen til kjøtt med 80 %. Dette kom fram på en klimakongress i København, og Oslos politiske ledelse ropte «Halleluja, vi er med!». Noen ser det som nødvendige grep. Andre synes det minner om ren, skjær galskap.

Løysingsforslag

Ei nærlesing vil avsløre at forfattaren av teksten bruker verdiladde ord som "vanvittig" og "galskap" om Byrådets påståtte kjøtrasjonering. Dessutan får teksten eit sarkastisk preg ved å bruke orda "visstnok" i hermeteikn om ønsket om å redde klima. Den same funksjonen har utsegna "Halleluja, vi er med!" om reaksjonen til Byrådet. Dei blir framstilte som klimahysterikarar som blir med på alt så lenge det kan gjere klimaet betre.

Svar: Teksten bruker ikkje eit nøytralt og informerande språk. Han prøver å påverke kjenslene mine. Dette er ikkje vanleg for nyhendesjangeren, noko bør gjere meg skeptisk til bodskapen.

Kvifor er det så viktig å lese kritisk?

Vi er på mange måtar nybegynnarar i det digitale samfunnet. For berre 25 år sidan var det eit fåtal av Noregs befolkning som las store mengder digitale tekstar dagleg. No gjer flesteparten det.

Og sjølv om dagens ungdom er fødd inn i informasjonssamfunnet, viser forsking at dei ikkje klarer å sortere gode og dårlege kjelder:

Internasjonal forskning tyder på at selv elever i videregående skole
og studenter på høyskolar og universitet ofte lar være å vurdere
informasjon i lys av kildens troverdighet. (Forskningsrådet, u.å.)

Ein demokratisk trussel

Om vi berre les med alle tekstar, ikkje stiller spørsmål til dei, risikerer vi rett og slett å byggje forståinga av røynda vår på løgn. Dette kan vere ein trussel mot demokratiet. I eit demokrati kan alle bruke stemma si, og vi har røysterett. Då må vi kunne finne ut av kven vi kan stole på, vi må røyste på dei som ikkje fer med løgn – og ikkje minst: Vi må sjølv kunne argumentere for eigne overtydingar på ein sannferdig måte.

Mange hevdar at Noreg i dag er prega av ein polarisert samfunnsdebatt. Det vil seie at dei som debatterer, står langt frå kvarandre. Og målet er slett ikkje å formidle sanning, men å vinne diskusjonar og fange tilhengjarar. Når samfunnsdebatten blir polarisert, er det viktigare enn nokosinne å kunne vere kritisk til avsendar og bodskap.

Kritisk lesing = sjølvstende

Å seie at du automatisk blir sjølvstendig av å lese kritisk, blir kanskje ein litt for enkel premiss. Men om du øver deg på å stille spørsmål til tekstar du les, vil du òg utvikle di eiga dømekraft. Det å blir ein god kritisk lesar er, som sagt, ein prosess. Men løna er at du kanskje vil stole meir på deg sjølv etter kvart.

I tillegg kan det å ikkje berre lese med teksten føre til auka engasjement for samfunnet rundt deg. Kanskje oppdagar du at ein samfunnsdebattant bruker verkemiddel som skal påverke deg i ei retning? Eller du innser at ein premiss frå ein politikar ikkje er heilt sannferdig? Nettopp fordi du har lært deg å stille spørsmål.

Kjelder

Forskingsrådet (u.å). Kritisk læring og lesing i digitalsamfunnet. Henta frå https://www.uv.uio.no/iped/forskning/prosjekter/braten-kritisk-lesing-og-lering/finnut-poster.PDF

Kristiansen, T (2019, 11. oktober) – Nytt, drastisk (og drygt) grep for klimaet: Vil ha streng kjøttrasjonering i Oslo. Henta frå Document.no

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 06.05.2020

Læringsressursar

Kjeldekritikk