Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Påverkar media deg?

Vi blir bombarderte av inntrykk når vi kikkar på mobilen. Her skal de undersøkje dei sidene de vanlegvis besøkjer og bloggen til den populære norske påverkaren Isabel Raad.

Oppgåve 1

Videoen under er laga av Marta Gangsås Berstad frå Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule. Ho vann prisen for beste medieproduksjon i Fritt Ord-konkurransen 2018 med denne videoen.

Sjå videoen og tenk over:

  1. Kva er bodskapen i videoen?
  2. Er du samd i bodskapen?
  3. Blir du påverka av reklame?

Oppgåve 2

  1. Gå saman i grupper og lag ei liste over fem til ti nettsider de besøkjer mykje i løpet av ein dag. Det kan vere aviser, bloggar, Youtube-kanalar, Instagram eller andre sosiale medium.
  2. Bli samde om kva for nokre av desse sidene de trur prøver å overtyde dykk om ei sak eller å kjøpe ulike produkt. Det kan òg vere sider som har reklamar som element.
  3. Lag eit produkt som illustrerer korleis nettopp desse sidene prøver å påverke dykk. Det kan til dømes vere:

    • Ein video av typen Marta Gangsås Berstad har laga.
    • Ein presentasjon for klassen der de viser korleis nettsidene, eller enkeltelement på nettsidene, prøver å påverke dykk.
    • Ein kollasj der de set saman utdrag frå sidene.

Oppgåve 3

Del A

Sjå videoen under om korleis Youtubarar påverkar følgjarane sine.

  1. Kva seier 15-åringen, Selma, som viser at ho ikkje forstår kvifor Youtubarar reklamerer for produkt?
  2. Kjenne de til kanalar på Youtube som reklamerer for produkt?
  3. Kva synest de om at bloggarar og Youtubarar får betaling for å reklamere for varer?

Del B

Jobb i grupper:

Ein av dei mest kjende bloggarane og "påverkarane" i Noreg er Isabel Raad. Gå inn på bloggposten du finn lenkje til under, og diskuter spørsmåla.

Bloggen til Isabel Raad

  1. Er produktet på denne bloggen sponsa eller ikkje? Grunngi svaret dykkar.
  2. Sjå på bloggen som ein samansett tekst. Korleis er forholdet mellom bilete og tekst? Kvifor har ho valt akkurat desse bileta, meiner de?
  3. Korleis bruker Raad språklege verkemiddel i verbalteksten? Sjå etter:

    • direkte førespurnad
    • positivt verdiladde ord
    • humor
    • ekspressivt språk
    • informativt språk

    Avslutt med å vurdere om Raad bruker mest patos, etos eller logos.

  4. Diskuter aptum i bloggen. Synest de dette innlegget er passande? Fungerer det godt som ein reklame? Grunngi svaret dykkar.
CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 03.03.2020

Læringsressursar

Ver kritisk!