Hopp til innhald
Oppgåve

Hatefulle ytringar i nyheitsbiletet

Politikarar, og også ei rekkje andre menneske, opplever å bli utsette for hatefulle ytringar og hets, og gjennom media har dette blitt sett på dagsordenen.

Tonje Brenna, politikar, uttalte for ikkje lenge sidan i ei nyheitssak at ho vurderer å slutte med politikk fordi ho blir utsett for hatefulle ytringar.

Gjer eit nyheitssøk på internett med søkeorda hatefulle ytringar. Ta for deg eit utval av nokre av dei siste nyheitene du får opp i søket.

Nyheitssøk: Vel å søkje berre i "nyheiter" med søkeord.

  • Kva handlar dei om? Kva meiner du kjenneteiknar bodskap og innhald?
  • Var det noko som du ikkje hadde sett i nyheitsbiletet tidlegare?
  • Vurder kjelda og informasjonen i nyheitssaka. Er dette ei påliteleg kjelde, og kvifor?