Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Utforsk konspirasjonsteoriar

Oppgåve 1

Kva for konspirasjonsteoriar kjenner du til? Lag ei liste, gjerne saman med ein medelev.

  • Kva for saker tek desse konspirasjonsteoriane føre seg?

Oppgåve 2

Vel deg ut éin konspirasjonsteori du vil sjå nærare på. Bruk gjerne ein av dei som blir nemnde i videoen.

  1. Finn fleire kjelder som beskriv og forklarer hendinga eller fenomenet på ulike måtar.
  2. Ta ein kjeldesjekk på kjeldene du har funne. Bruk hugseregelen TONE.
  3. Kva for kjelder belyser hendinga eller fenomenet best? Grunngi svaret ditt.

Relatert innhald

Oppgåve 3

Kor farleg er det å tru på konspirasjonsteoriar, og kven lèt seg overtyde av desse?

  1. Kva trur du er svaret på desse to spørsmåla? Skriv ned eller diskuter med ein medelev. Hugs å grunngi svara dine!
  2. Bruk fleire kjelder til å finne svar på spørsmåla. Start gjerne med desse to artiklane:

    1. "Konspirasjonsteorier er det stikk motsatte av kritisk tenkning" (ublogg.no) av Marte Mesna (Ublogg, 2019)
    2. "Personer som tror på konspirasjonsteorier ser verden som et farlig sted" (forskning.no) av Elise Kjørstad (Forskning.no, 2018)
  3. Kjenner du til ein eller fleire hendingar dei siste åra som er inspirerte eller utløyste av konspirasjonsteoriar?

Oppgåve 4

Lag ein konspirasjonsteori! Bruk det du har lært gjennom filmen og det som står i punkta under til å konstruere din eigen teori.

  1. Lag ei alternativ forklaring til ei nyleg hending eller eit ganske nytt fenomen som det ikkje allereie finst ein slik teori for.
  2. Presenter konspirasjonsteorien din for medelevar. Bruk kunnskapane dine om retorikk til å prøve å overtyde dei.
Nokre kjenneteikn på konspirasjonsteoriar
  • Det blir hevda at det er ei samansverjing som held den eigentlege sanninga skjult.
  • Konspirasjonsteorien legg skulda for ei hending eller eit fenomen på "dei andre".
  • Dei som står bak samansverjinga er gjerne ein allianse mellom maktpersonar eller ei folkegruppe. Målet for gruppa er å få makt over andre.
  • Det finst ingen konkrete bevis på den alternative teorien, berre spekulasjonar om moglege samanhengar og årsaker mellom lausrivne fakta.
  • Viser til "sunn fornuft" i staden for vitskap.
  • Ekspertar som seier imot konspirasjonsteoriane blir gjerne skulda for å vere ein del av konspirasjonen.

Kjelder:

Dyrendal, A. (2019, 23.april). Konspirasjonsteorier. Henta frå https://snl.no/konspirasjonsteori

Wikipedia. (2019). Konspirasjonsteorier. Henta frå https://no.wikipedia.org/wiki/Konspirasjonsteori

CC BY-SASkrive av Marthe Johanne Moe.
Sist fagleg oppdatert 06.09.2019

Læringsressursar

Ver kritisk!