Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Reklame eller forskingsrapport?

Av og til når du finn tekstar på nett, kan det vere vanskeleg å finne ut av kva som er formålet med teksten, og kva han vil deg.

Del 1. Jobb aleine

Gå inn på nettsida Be a Man. Utforsk sida du kjem inn på i to–tre minutt og skriv ned:

  • Kva slags sjanger er denne teksten?
  • Kva vil denne teksten meg?
  • Korleis fann eg ut kva slags tekst det var?

Del 2. Jobb i grupper

Gå saman i grupper på fem–seks personar. Samanlikn svara dykkar. Har de skrive det same?

Om de har skrive ulikt: Gå inn på sida og prøv å bli einige om spørsmåla.

  • Kva slags nettside er teksten publisert på?
  • Kven er avsendaren?
  • Kven er målgruppa?
  • Kva er formålet med teksten? Finn ei setning i teksten som viser dette.

Del 3. Kvifor i all verda?

Diskuter på gruppa:

  • Kvifor i all verda har BIC laga denne kampanjen?
  • Synest de dette er ein vellykka kampanje? Grunngi svaret.
  • Kva appellformer meiner de dominerer i kampanjen? Vis til konkrete døme.

Del 4. Jobb aleine igjen

Er teksten "Be a Man" frå BIC ein godhjarta kampanje eller kynisk reklame?

Lag eit munnleg innlegg for klassen der du argumenterer for eitt av standpunkta over. Hugs å grunngi standpunktet ditt ved å vise til konkrete døme frå teksten.

Relatert innhald

Kva betyr det å lese kritisk? Her vil du finne teori og eit praktisk døme med utgangspunkt i eit nyhende-oppslag frå Document.no.

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 31.03.2020

Læringsressursar

Ver kritisk!