Hopp til innhald

Fagstoff

Diktanalyse: Ein modelltekst med tips

Korleis får du til å skrive ein god diktanalyse? Her kan du lese ein god analyse av Gro Dahles dikt "Hvem er det som ingen ser". I tillegg vil du få ei innføring i kvifor dette er ein god tekst.

Døme på diktanalyse

Her er eit døme på ei god analyse av Gro Dahles dikt "Hvem er det som ingen ser".

Eit kvardagsalter

"Det er moren det/som går i ett med skålene", skriv Gro Dahle i diktet "Hvem er det som ingen ser" (1994). Slik svarer ho allereie i første linje på spørsmålet som er tittelen til diktet. Diktet handlar nemleg om den rolla ei mor speler i livet vårt. Ei mor som vi kanskje ikkje ser eller legg merke til.

Stemma i diktet kan verke litt uklar. Diktet startar med eit spørsmål stemma sjølv svarer på: "Hvem er det som ingen ser?/Det er moren det/". Det verkar altså som stemma snakkar om mora. Kanskje er det eitt eller fleire barn som utgjer stemma? Men i tredje strofe endrar stemma pronomen om mora. I staden for "ho" står det "slik skjærer jeg deg". Dermed kan det verke som om det er mora sjølv som har ordet her og snakkar direkte til stemma. Kanskje er det eit sitat frå mora? Vidare går stemma tilbake til å omtale mora i tredjeperson: "slik knar hun oss fram". Det kan altså verke som om stemma er barn av denne mora som blir omtalt, for heilt til sist legg ho barna og "bøyer oss inn i søvnen".

Diktet er moderne i forma, med frie vers og utan fast rytme. Dei sju strofene varierer i lengd, og fleire av setningane er delte opp over ulike verselinjer. Likevel har fleire av strofene ein viss rytme, då enkelte ord blir gjentekne: "Slik skjer eg deg:/Et hjerte, en hare, en hest/Slik deler jeg deg/i en, i to, i tre." I dette utdraget skaper gjentakinga av dei ulike orda ein leiken, nesten regleaktig rytme.

Men sjølv om diktet er moderne utan fast strofisk form, er det ein tydeleg struktur i diktet. Motivet er nemleg tredelt. I dei to første strofene er det ei mor som "bærer huset på ryggen". I desse strofene blir handlingane hennar beskrivne med ord vi knyter til med kvardagen: "havregrøt", "fiskeskinn" og "kjøkkenbenken". I tredje og fjerde strofe endrar det seg. Ho verkar litt brutal når ho "klipper øret av sønnen" og "knar oss fram". I dei to siste går motivet frå å handle om kvardagsslit og baking til å skildre mora med ord som "hersker", "bærer" og "alter".

Vi kan altså seie at diktet har ei tredeling. Denne tredelinga viser ei utvikling i diktet, og slik forandrar òg temaet seg i løpet av teksten: I dei to første strofene blir mora framstilt som ein slitar; ei typisk husmor som gjer alt for at resten av familien skal vere fornøgde. Livet hennar verkar tungt, som eit offer, då ho er "korsfestet til tøyet". I tredje og fjerde strofe utviklar diktet seg. Det handlar ikkje berre om ei sliten husmor ingen legg merke til. I staden viser dei to strofene kva påverknad ho har på barna: ho formar dei som "deig". I dei to siste strofene blir ho hylla. Dermed kan vi seie at denne tredelinga er sjølve kjernen i diktet. Det er "skjelettet" til diktet.

Tredelinga understrekar temaet: Dei hardtarbeidande mødrene fortener ein hyllest. Kanskje tek vi dei heilt for gitt der dei tek oppvasken og set frukosten føre oss kvar morgon før vi skal på skulen? Som eit svar på spørsmålet som blir stilt i tittelen kan vi seie at: "Det er mødrene våre vi aldri ser, men vi burde verdsetje dei meir".

Det viktigaste verkemiddelet i diktet, i tillegg til tredelinga, er metaforar. Allereie i den første strofa blir vi introduserte for mora som "er støpt inn i kjøkkenbenken". Vidare held diktet fram med ulike metaforar som beskriv mora og livet hennar. Akkurat som diktet er tredelt, er òg metaforane det. I dei tre første strofene blir det brukt kvardagsmetaforar, medan det i den midtre delen av diktet blir brukt ein bakemetafor. Mora: "kjevler barna ut i deig". Denne bakemetaforen viser kor stor rolle ei mor har i utviklinga til barna: Ho formar oss som ein bakar formar peparkakemennene og -damene sine. Midtdelen viser òg at oppsedinga kan gå litt gale nokon gonger, til dømes når mor "klipper ørene av sønnen". Her blir oppsedinga og mora framstilt som nesten brutal der ho har "grepet rundt nakken" på barna.

Men aller tydelegast kjem temaet fram når det oppstår ein kontrast mellom metaforane i første og siste del av diktet. Medan mora i første del av diktet vart beskrive med ord som "havregrøt" og "fiskeskinn", er metaforane frå nest siste strofe nesten rojale. Metaforane "dronning" og "herskar" beskriv mora. Dessutan "krones" ho, men legg merke til at det ho blir krona i, er "smuler". Her endrar altså tonen om morsrolla seg. For sjølv om det er "smuler" ho blir krona i, så viser kontrasten mellom første og siste del av diktet at mor gjer ein uvurderleg jobb.

Denne lovprisinga av mora held fram i siste strofe. Då er metaforane teke frå det vi knyter til noko religiøst. Ho legg barna med "takkens oblater på tunga" og gir dei "hvilens velsignelse i kinnenes kirke". I siste verselinje blir ho beskriven som eit "alter i mørket". Ordvalet i siste strofe forsterkar inntrykket vi får av mor i den nest siste strofa: Diktet heidrar den hardtarbeidande mora som få legg merke til.

Denne kontrasten mellom metaforane i første og siste strofe viser altså kor mykje pris vi bør sette på mor. Når forfattaren bruker metaforen "alter" i siste verselinje, gjer ho nesten mora heilag. For eit alter står sentralt i kyrkja og er noko du bøyer deg for når du skal ofre til gudane. Det bør òg nemnast at mora i første del av diktet blir beskriven med ord som vi kan knyte til noko religiøst. Ho er "korsfestet til tøyet". Dette er ein allusjon til Bibelen og Jesus' skjebne. Men denne religiøse referansen forsterkar inntrykket vi får av morsrolla i første del: Det er ein hard og travel skjebne å vere mor. Og du kan ikkje rømme frå det.

Temaet er absolutt allmenngyldig. Morsrolla går ikkje ut på dato. Og sjølv om mødrene i dag gjerne jobbar andre stader enn berre i heimen, så er det ofte dei som både vaskar og lagar mat. Gro Dahle vil med diktet sitt vise at vi burde setje meir pris på kvardagsslitet til mor.

Kvifor er dette ein god analyse?

Ein modelltekst kan vere fin å ha når du skal skrive diktanalyse sjølv. Men for å klare å overføre det som er bra frå denne modellteksten til eiga skriving, bør du setje ord på kva som gjer analysen god. For kvart dikt må sjåast på for seg sjølv. I denne analysen er det skrive mykje om metaforane i diktet. Men kva om diktet du skal skrive analyse av, ikkje har nokon metaforar?

I presentasjonen under finn du ein gjennomgang av modellteksten som forhåpentlegvis kan hjelpe deg til å setje ord på kva som kjenneteiknar ein god diktanalyse.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 03.06.2020

Læringsressursar

Bli ein betre skrivar