Oppgåve
Korleis skrive om funksjonen til verkemiddelet?
Har du høyrt læraren din seie "de må hugse å skrive om kva funksjon verkemiddelet har"? Mange elevar synest det er vanskeleg å få dette til på ein god måte, men øving gjer meister. Her finn du både tips, øvingar og svarforslag.
Denne øvinga tek utgangspunkt i teksten "Tusen tegninger" av Karpe. Derfor bør du aller først nærlese diktet. Det vil seie at du
- les diktet fleire gonger og prøver å formulere det du meiner er temaet
- markerer det du meiner er dei viktigaste verkemidla i diktet
- diskuterer funna med andre i klassen