Hopp til innhald
Fagartikkel

Filter

For å unngå at partiklar i oljen skal skade komponentane, bruker vi oljefilter.

Forureina olje kan føre til intern lekkasje i sylinder, motorpumpe og ventilar eller til upårekna havari.

Det mest vanlege er at vi bruker desse fem metodane for å unngå forureining i oljen:

  • luftfilter − sit i loket på tanken og sørgjer for at det ikkje kjem smuss inn luftinga
  • påfyllingsfilter/sil − sørgjer for at vi ikkje får forureiningar i oljen ved påfylling
  • grovfilter/sugefilter/sil − sit i tanken på det røyret som syg opp olje til pumpa
  • returfilter − sit der oljen går tilbake til tanken. Returfilteret sørgjer for at partiklar som har komme inn i oljen under drift, ikkje blir med til tanken. Dette er den mest brukte filtertypen.
  • trykkfilter − sit i trykkrøyret mellom pumpa og trykkavgrensingsventilen

Filterhuset til trykkfilteret må tole det trykket vi skal ha i anlegget. Normalt blir trykkfilteret plassert rett framfor den komponenten som skal vernast.

Returfilter

Trykkfilter