Hopp til innhald

Fagstoff

Trykk, kraft og areal

No skal du få ein introduksjon til omgrepa trykk, kraft og areal. Vi tek deg med vidare inn i ei fagleg verd.

Ein introduksjon til trykk, kraft og areal

Trykk

Trykk kan samanliknast med ei viss kraft som påverkar «alt» i alle retningar, til dømes lufttrykket. Lufttrykket har ikkje stor kraft på oss menneske, men alle er avhengige av lufta, og vi er alle omgitt av lufttrykket heile tida. Kor stort lufttrykket er, avheng av krafta som verkar på trykket. Har du høyrt om høgtrykk og lågtrykk?

Lågtrykk (temperatur) = lufta stig

Visste du at når vêrmeldinga seier at vi får lågtrykk i eit område, så betyr det at lufta stig oppover mot himmelen? Det som vidare skjer i eit lågtrykk, har med sola og temperaturen å gjere. Når lufta kjem lenger oppover mot himmelen, blir ho avkjølt og klarer ikkje så godt å halde på fukta lenger. Då oppstår det skyer i luftlaget, og vi får gjerne regn.

Høgtrykk (temperatur) = lufta søkk

Visste du at når vêrmeldinga seier at vi får høgtrykk i eit område, så betyr dette at lufta søkk nedover mot bakken? Lufta blir varmare, større og tyngre. Det som vidare skjer i eit høgtrykk, har med sola og temperaturen å gjere. Når lufta blir varma opp og utvidar seg på veg ned, klarer ho derimot å halde på fukta eller vatnet, og vi får skyfri himmel.

Kraft

Om vi pressar tommel og peikefinger saman, kjem krafta frå musklane og blir styrt av hjernen. Ser du samanhengen mellom kraft og trykk? Dess meir kraft, dess høgare trykk? Dette stemmer ofte, men her er eit anna døme: Du legg ikkje så stort trykk på golvet heime når du står der berrbeint eller med tøflar. Krafta som verkar på golvet, kjem frå kroppsvekta di og blir fordelt ut i føtene og gir eit visst trykk under fotbladet på kvar fot. Det vil nok vere litt høgare trykk der hælen treffer golvet, fordi hælbeinet er hardare enn senene og musklane rundt.

Areal

Refleksjon: Om ei jente står på golvet, er vekta av jenta den same om ho står berrbeint eller om ho står med stiletthælar? Kva skjer med trykket mot golvet om jenta tek på seg sko med stiletthælar? Kva skjer med arealet som no er i kontakt med golvet? Diskuter gjerne i klassa.

Relatert innhald

Du har kanskje fylt luft i eit dekk og veit at du kan justere kor høgt trykket skal vere. Men har du tenkt på kva trykk eigentleg er?

CC BY-SASkrive av Haldor Hove.
Sist fagleg oppdatert 19.11.2020

Læringsressursar

Hydraulikk