Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

RGB-diodar

RGB-diodar er lyskjelder som gir lys i ulike fargar. Dei kan være eit utmerkt val når du skal lage skiltet ditt. Lær å lage spennande sekvensar av fargar med forskjellig lysstyrke!

Fargar og effektar

Vi kan sjølvsagt nøye oss med å bruke lyskjelder som gir kvitt lys når vi lagar skilt. Men det finst lyskjelder med fleire fargar. Nokre av dei kan til og med byte mellom allverdsens fargar, til dømes RGB-diodar. (RGB står for red, green, blue, altså raud, grøn og blå.)

Lysstriper med RGB-diodar ser ved første augekast ut som vanlege lysstriper, men RGB-stripa har tre elektriske kontaktar der ei vanleg lysstripe berre har to. I tillegg består RGB-dioden av fleire diodar som utgjer ei eining.

Adresserbare diodar

LED-striper der vi kan styre kvar diode individuelt, blir kalla adresserbare LED-striper. Kvar diode får ei eiga adresse slik at vi kan fortelje han korleis han skal oppføre seg. Dessutan inneheld kvar diode ein mikrokontrollar som lar oss justere lyset i dioden individuelt. Det betyr at ulike delar av skiltet kan lyse med ulik farge og intensitet, og at vi kan få LED-stripa til å produsere ulike effektar.

Mikrokontrollar

For å styre RGB-diodar må signalkabelen koplast til ein mikrokontrollar som kan sende rette signal til diodane. Ein mikrokontrollar er som ei lita datamaskin. Det finst ulike typar mikrokontrollarar som kan styre RGB-diodar, men i skulesamanheng nyttar vi ofte kontrollarar av merket Arduino.

Arduinoane kjem i fleire utføringar med ulik kapasitet og tal på inngangar og utgangar. Den kanskje mest brukte typen er Arduino UNO.

Ein mindre variant blir kalla Arduino Nano. Det finst ògå ein større variant, Arduino Mega.

Når vi har kopla dei tre leidningane til ein Arduino, kan vi kople Arduinoen til ei datamaskin og programmere inn ei rekke spennande effektar på RGB-stripa.

CC BY-SASkrive av Haldor Hove og Torbjørn Nordvik Helgesen.
Sist fagleg oppdatert 10.01.2024

Læringsressursar

LED-skilt