Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

LED-skilt: Introduksjon

Visste du at akryl (pleksiglass) har den eigenskapen at mønster og konturar som er rissa inn i overflata, vil lyse opp viss du lyser inn frå sida? Lær korleis du kan utnytte denne eigenskapen til å lage spennande skilt.
Eit lite, firkanta skilt i lilla plast som står på eit arbeidsbord. Midt i firkanten er det lagt inn ein sirkel av blått pleksiglas med lysande NDLA-logo. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva er LED-skilt?

LED-skilt er plater av akryl (pleksiglas). Dei er vanlegvis gjennomsiktige. Akryl har den spesielle eigenskapen at det transporterer lys. Lagar vi rissingar, mønster eller konturar i overflata på akryl, vil lys gjere at det aktuelle mønsteret blir synleg. I LED-skilt er det (LED) som skaper dette lyset.

Introduksjon til produksjon av LED-skilt

Filmen under gir deg ei innføring i korleis akryl kan bli til eit skilt, og korleis du kan lage ditt eige skilt. Du kan velje mellom enkle og meir avanserte skilt. Belysninga kan til dømes styrast ved hjelp av ein mikrokontrollar som Arduino.

CC BY-SASkrive av Roger Rosmo.
Sist fagleg oppdatert 08.04.2024

Læringsressursar

LED-skilt