Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Montering av LED-skilt

Lær korleis du kan bruke laserkuttar til å skjere ut motiv, og korleis du monterer LED-skiltet og ferdigstiller produket. Du kan sjå instruksjonsvideoen, og/eller du kan lese om arbeidsprosessen.

Instruksjonsvideo

I videoen nedanfor viser lærar Torbjørn Nordvik Helgesen korleis han bruker laserkuttar til å skjere ut motiv, og korleis han monterer to ulike LED-skilt.

Laserkuttar

Ein laserkuttar er ei datastyrt maskin med eit verktøyhovud som blir bevega av motorar. Fordi laserstrålar er veldig tynne, kan laserkuttaren skjere ut motiv med utsøkt presisjon. Lyset i laserstrålen er så kraftig at det fordampar materialet vi køyrer i. Vi ser likevel ikkje noko særleg til laserlyset fordi det er i ei bølgelengd utanfor det synlege spekteret.

Acrylplata vi skal skjere i, kjem med ein ferdigmontert tynn plastfilm. Denne plastfilmen skal sitte på mens vi skjer ut motivet, elles får vi stygge svimerke langs kanten av skiltet. Vi fjernar vernefilmen når laserskjeringa er ferdig.

Dei andre delane vi treng, blir produserte på datastyrte 3D-skrivarar. 3D-skrivaren jobbar sakte og går av seg sjølv, men etter printinga må vi ofte trimme av overflødig plast før vi kan montere delane.

Montering av firkanta skilt

Vi begynner monteringa med å plassere Arduinoen inne i basen til det rektangulære skiltet og festar han med M3-skruar og -mutterar. Deretter kan vi kople dei tre leidningane på RGB-stripa til Arduinoen: ei leidning til den positive polen, ei til den negative polen og ei leidning til signal. Til slutt skrur vi saman boksen.

Nokre tips

  • 3D-printa plast er ofte for mjuk til å tole maskinskruar. I staden kan til dømes treskruar brukast.

  • Standard koplingspinnar bygger mykje i høgda. Her kan vi òg velje å lage nokre kortare tilkoplingspinnar ved å klippe og lodde litt.

  • Ofte kjem LED-striper med dobbeltsidig teip for å legge til rette for enkel montering. I designet kan vi då legge inn ei lomme som LED-stripa skal limast oppå.

Montering av rundt skilt

Det runde lysskiltet skal ha Arduinoen innebygd i sjølve skiltet. Vi har allereie valt den minste Arduinoen i dette prosjektet, men det er framleis mogleg å spare endå meir plass ved å fjerne tilkoplingspinnane og lodde leidningane direkte til Arduinoen.

Å bruke inngang (sensor)

I det førre prosjektet brukte vi berre ein utgang på Arduinoen. Utgangen brukte vi for å sende signal til RGB-diodane. I dette prosjektet bruker vi også ein inngang. Då kan vi kople ulike sensorar til mikrokontrollaren vår slik at han kan respondere på signal frå omverda.

Vi kan til dømes kople til ein mikrofon slik at skiltet skiftar farge etter støynivået i omgivnadene. Det er også mogleg å kople til ein sensor som lar skiltet respondere når det er menneske i nærleiken. Eller kanskje skiltet skal respondere når ein sensor melder frå at ein plante treng vatning?

Til dette prosjektet valde vi ei fotocelle (fotoresistor). Vi vil at lyset i skiltet skal dempast når lyset i rommet blir slått av. For å få kople fotocella til Arduinoen, må vi lodde på fleire leidningar. Vi kan til dømes programmere inn ulike tempo, effektar og fargeskiftingar. Når lyset i rommet blir slått av, signaliserer fotoresistoren at programmet skal gå over til ein rolegare og meir nedtona frekvens.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Torbjørn Nordvik Helgesen og Haldor Hove.
Sist fagleg oppdatert 10.01.2024

Læringsressursar

LED-skilt