Hopp til innhald
Oppgåve

Berekne timepris for Kontorvikar AS sine tenester

Janne og Stine har nettopp tatt fagbrev i service- og administrasjonsfaget. Dei veit at lokale bedrifter treng ekstra tilsette i travle periodar. Derfor har dei oppretta sitt eige AS som skal selje administrasjon- og rekneskapstenester. Utfordringa no er korleis dei skal prise tenestene sine.

Verken Janne eller Stine har godkjend rekneskapsutdanning endå. For å få det må dei ta bachelorutdanning i administrasjon og økonomi med fokus på rekneskap. Dei kan likevel bli leigde inn til bedrifter for å gjere enkle oppgåver, så lenge arbeidet blir kontrollert av ein rekneskapsførar. Bedrifta til Janne og Stine skal heite Kontorvikar AS, og forretningsidéen deira er følgjande:

"Kontorvikar AS tilbyr vikartenester innanfor administrasjon, rekneskap og kontor. Vi er prisgunstige og hjelper bedrifter i byen vår som treng profesjonell kontorhjelp i korte eller lange periodar."

Ei bedrift som sel tenester, rekna seg gjerne fram til ein timespris. I timeprisen må alle kostnader pluss forteneste vere med. Staten skal òg ha 25 prosent i meirverdiavgift på desse produkta.

Når vi reknar pris på denne måten, bruker vi sjølvkostmetoden.

Oppgåver

  1. Bruk opplysningane nedanfor til å berekne timeprisen bedrifta må ta for Janne sine tenester.

    • Årsløna er kr 500 000.

    • Ho fakturerar 1300 timar i året.

    • Janne sin del av dei indirekte kostnadene er kr 6000 i månaden.

    • Bedrifta legg på 15 prosent i forteneste og 25 prosent i meirverdiavgift.

  2. Janne skal jobbe som vikar i to veker for eit lokalt snikkarfirma. Til dette oppdraget må ho berekne eit tillegg for transport.

    • Ho skal jobbe 37,5 timar i veka.

    • Ho skal køyre sin eigen bil 25 kilometer kvar veg til jobben, og bruker satsane til staten for kilometergodtgjersle, som er på kr 4,03 per kilometer.

    Kva kjem rekninga på?

Løysingsforslag