Hopp til innhald
Oppgåve

Søm og redesign AS

Har du nokon gong kjøpt brukte klede? Kor mykje hadde du vore villig til å betale for eit redesigna plagg? Bedrifta Søm og redesign AS har ungdom som målgruppe og veit at dei ikkje kan setje prisane for høgt om dei skal få selt varene sine. Du skal no hjelpe dei med å berekne fornuftige prisar.

Bedrifta Søm og redesign AS har følgjande forretningsidé:

"Søm og redesign AS skal redesigne og reparere ungdomsklede, og selje produkta på nett og lokalt frå butikk."

Det er ungdom som er målgruppa for bedrifta, og det må dagleg leiar, Mira Svendsen, ha i bakhovudet når ho skal bestemme prisen på produkta sine.

Ho veit at ungdom som målgruppe er nysgjerrige, miljømedvitne og ikkje minst prismedvitne. Derfor må ho ta utgangspunkt i det kundane er villige til å betale. Det kallar vi ei marknadsbasert prissetjing.

Kor mykje folk er villige til å betale for eit produkt, blir òg påverka av konkurrentane sine prisar. Sidan nye klede er billige i kjedeforretningane, må Mira ta omsyn til dei prisane når ho skal setje pris på produkta sine. Dette kallar vi ei konkurransebasert prissetjing.

Mira har bestemt seg for å bruke bidragsmetoden for å bestemme prisane på produkta sine, og no skal du hjelpe ho med dette.

Oppgåve 1

Mira har ti tynne ullgenserar som ho har reparert og vaska. Ho har brukt kr 500 i innkjøp av reparasjonsmateriale, garn, knappar og glidelås. Mira har tenkt å selje genserane for kr 149 per stykk inklusiv meirverdiavgift.

  1. Kva blir prisen per genser utan meirverdiavgift?

  2. Kva skal eit dekningsbidrag dekkje?

  3. Kva blir dekningsbidraget per genser og totalt?

  4. Synest du prisen på kr 149 per genser er ein fornuftig pris? Grunngi svaret.

Oppgåve 2

Mira har fått inn tre fine ballkjolar som ho skal vidareselje til nyttårsballsesongen. Ho bruker éin arbeidstime på å gjere kjolane klare for sal, men har ingen utgifter knytte til nye materiale. Ein arbeidstime kostar bedrifta kr 400. Mira vil prøve å vidareselje kjolane for kr 699 per stykk inklusiv meirverdiavgift.

  1. Kva blir prisen per kjole utan meirverdiavgift?

  2. Kva blir dekningsbidraget per kjole og totalt?

  3. Trur du Mira får selt kjolane for kr 699? Grunngi svaret.

Oppgåve 3

I januar sel Mira for kr 27 500 eksklusiv meirverdiavgift. Ho har hatt kr 13 500 i variable kostnader og kr 10 600 i faste kostnader som husleige, forsikringar og straum.

  1. Rekn ut fortenesta til bedrifta for januar.

Løysingsforslag