Hopp til innhald
Fagartikkel

Prisdifferensiering

Har du kjøpt ungdomsbillett på bussen? Politikarane har bestemt at det skal vere billegare for nokre grupper menneske å ta bussen i forhold til andre. Prisdifferensiering vil seie at ei bedrift har ulik pris på same produkt, til ulike kundegrupper.

Ulik pris for same produkt

Det er ganske vanleg at bedriftene tek ulik pris for same produkt til ulike kundar. Bedrifta kan, eller må, behandle kundane ulikt ut frå ulike kriterium som målgruppe, tid, bruk og geografi. Nokre gonger er denne prisdifferensieringa pålagd av styresmaktene, til dømes prisen på bussbillettar. Bedriftene bruker òg prisdifferensiering som ein del av konkurransemiddelet pris i marknadsmiksen.

Målgruppestyrt prisdifferensiering

Målgruppestyrt prisdifferensiering betyr at bedrifta tek ulik pris avhengig av kven som kjøper produktet. Styresmaktene pålegg nokre gonger bedriftene å differensiere prisen etter målgrupper. Eit døme er prisen på kollektivtransport, der styresmaktene har bestemt at det skal vere billegare for barn, unge og pensjonistar.

Bedriftene kan òg sjølv velje å bruke alder som kriterium for målgruppestyrt prisdifferensiering. Moroparkar og kinoar har som regel billegare billettar for barn samanlikna med for vaksne.

Flyselskapa har tydeleg definerte målgrupper med tilbod om billettar til ulike prisar. SAS har tre "reiseklassar", Go, Plus og Business, med høvesvis fem, fire og tre alternativ i kvar klasse. Dette betyr for deg som forbrukar at du har 12 ulike billettar med ulike prisar å velje mellom på den same reisa.

Det billegaste alternativet har berre veske under setet og inga moglegheit for endring eller kansellering. Det dyraste alternativet har bagasje, Fast Track, tilgang til lounge på flyplassen og moglegheit for endring eller kansellering med alle pengane tilbake. SAS har her definert 12 målgrupper med ulike behov, og dei har tilpassa innhald og pris.

Tidsstyrt prisdifferensiering

Tidsstyrt prisdifferensiering er at prisen varierer over tid, til dømes døgn- og sesongvariasjon. Straum er til dømes billegare om natta enn om dagen. Det er mindre etterspurnad etter straum midt på natta. Moderne elbilladarar utnyttar denne prisdifferensieringa og ladar elbilane når prisen er lågast.

Eit anna døme er sesongvariasjonane på pris i reiselivsbransjen. Det er stor etterspurnad etter flyreiser, hotellovernatting og utleige av hus og hytter i skuleferien. Dei fleste i Noreg har ferie i dei to sommarmånadene, og prisane er derfor høgare i denne perioden.

Bruksstyrt prisdifferensiering

Bruksstyrt prisdifferensiering betyr at prisen er ulik alt etter korleis produktet skal brukast. Eit døme på bruksstyrt prisdifferensiering er prisen på brus i butikk i forhold til på restaurant. Viss du kjøper Cola på restaurant, kostar det ofte dobbelt så mykje som i butikk.

Geografisk styrt prisdifferensiering

Geografisk styrt prisdifferensiering er når produktet blir tilbode til ulike prisar avhengig av stad, til dømes by, region eller land. Når varer skal fraktast langt, tilkjem frakt som ein fordyrande del av prisen. Fisk som er fiska nord i landet kan vere billegare i Tromsø enn i Oslo.

Tenk etter

Daglegvarer som frukt og grønt er ofte dyrare nord i Noreg samanlikna med sør i Noreg. Butikkane forklarer dette med regionale forskjellar, og at butikkane sjølv bestemmer prisane. Kva grunnar kan det vere til at det er ulik pris på frukt og grønt i Noreg?