Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kommunikasjon på e-post

Å skrive ein privat e-post og å skrive ein forretnings-e-post er to ulike ting. Det er viktig å kunne forskjellen.
Emoji som hikstar og ler med tårer i auga. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

For å bli oppfatta som ein seriøs aktør i marknaden er det viktig å vere seriøs i all kontakt med kundar, leverandørar og andre. Dette gjeld òg e-postkorrespondanse. Er det til dømes greitt å bruke emojiar i ein forretnings-e-post? Korleis er det med signaturar?

Kva er forskjellane mellom private e-postar og forretnings-e-postar?

Oppgåve i par

  • Diskuter forskjellane på ein privat e-post og ein forretnings-e-post.
  • Skriv ned dei viktigaste punkta de kjem fram til.
  • Lag ei liste over kva de ikkje kan gjere i forretnings-e-postar.
Ein emoji som held handa til haka og grublar. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I klassa

  • Diskuter kva de har funne, og summer opp dei viktigaste funna.
  • Skriv ei liste på tavla over dei viktigaste «do’s and dont’s» i forretnings-e-postar.
  • Ein i klassa skriv så ein forretnings-e-post med denne informasjonen og sender han til dei andre i klassen. E-posten skal vise korleis ein skriv ein forretnings-e-post, og beskrive kva som skil han frå ein privat e-post.

Relatert innhald

E-post har i mange tilfelle teke over for forretningsbrev. Å svare på e-postar er ein viktig del av eksternserviceen til ei bedrift.

CC BY-SASkrive av Tove Knutsen og Cathrine Meyer Johansen.
Sist fagleg oppdatert 08.05.2020

Læringsressursar

Ekstern kommunikasjon