Hopp til innhald

Fagstoff

Å klippe ei nyheitssak i NRK

Vi følgjer journalist og videoprodusent Benjamin Fredriksen i NRK Nordland gjennom opptak og klipp av ei nyheitssak om brøyting.

Tips til etterarbeidet med ei nyheitssak for TV:

  • Gjer deg kjend med råstoffet, og skil ut dei viktigaste klippa.

  • Hugs å få med klippebilete!

  • Leit etter klipp som kan fungere som eit anslag til saka.

  • Ha god kommunikasjon med den som har levert klippa, viss det ikkje er deg sjølv.

  • Skriv ein kort intro til programleiaren. Hugs: Målet med introen er å gi sjåarane lyst til å sjå videoen.

  • Skriv eit utkast til eit manus før du begynner å klippe.

  • Ei typisk oppbygging av ei sak kan vere anslag og veksling mellom blokk (som blir lesen inn av journalisten) og synk (sitat frå intervjuobjekta).

Sjå resultatet!

Her kan du sjå den ferdige nyheitssaka som blei send på NRK TV, laga av Benjamin Fredriksen og fotografert av Martin Steinholt.

NRK TV: Mye snø gir brøytetrøbbel

Ein traktor brøyter snø på ein veg i tett snøvêr. Det er bilkø både ved sida av og bak traktoren. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge


CC BY-SASkrive av Maren Aftret-Sandal.
Sist fagleg oppdatert 19.05.2021

Læringsressursar

Rettleiing i videoproduksjon