Hopp til innhald

Fagstoff

Grønveggsteknikk

Opptak på grønvegg eller i grønstudio er ein teknikk ein kan bruke for digitale bilete og video. Teknikken går ut på å få eit menneske eller eit objekt inn i andre omgivnader enn dei opphavleg er i.

Eit digitalt bilete eller ein video består eigentleg av tre bilete: eit raudt, eit grønt og eit blått (RGB). Desse blir viste samtidig oppå kvarandre, og blir då eit bilete med mange millionar fargar.

Ser du på hudfargen din er du kanskje litt rosa, kanskje litt gulbrun eller brun. Vi vel derfor ein farge som er lengst mogleg borte frå rosa og brun, og vi kan få gode resultat viss vi bruker grønt eller blått.

Kvifor bruker vi grønt?

Det er likevel mest vanleg å bruke grønt. Grunnen er at det er dobbelt så mange grøne pixlar som blå og raude i fotosensoren som hjelper til med lagring av informasjon på biletbrikken i kameraet ditt.

Grå og farga firkantar stabla i to lag oppå kvarandre for å illustrere oppbyggjinga av sensor for RGB fargefilter. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Nøkling

I eit bilete eller videoopptak med grønvegg fjernar vi den grøne fargen og legg resten av personen over eit bakgrunnsbilete eller bakgrunnskulisser.

Meir presist lagar vi ei maske i etterbehandlingsprogrammet. Vi vel alt det grøne i grønbiletet, som ikkje er med i det blå eller raude biletet. Maska brukar vi til å sleppe gjennom dei pixlane som ikkje er grøne, og dermed har vi laga eit nøkkelhol.

Nøkling, eller keying på engelsk, er omgrepet som blir brukt om denne prosessen.

Når grønfargen er fjerna frå biletet med hjelp frå maska og nøklinga, kan personen leggjast på ein kva slags bakgrunn som helst.

CC BY-SASkrive av Atle Kold Hansen.
Sist fagleg oppdatert 14.01.2019

Læringsressursar

Rettleiing i videoproduksjon