Fagartikkel
Stop motion-animasjon
Ein film består av mange stillbilete som til saman gir inntrykk av å vere levande film. Når du lagar ein stop motion-animasjon, gjer du nettopp dette – produserer og set saman eitt og eitt bilete. Lær meir om teknikken og korleis du sjølv kan lage ein stop motion-animasjon.
Når du skal lage ein stop motion-animasjon, set du saman mange stillbilete av noko som rører seg litt bilete for bilete. Når du set alle desse saman, ser det ut som ein film. Du kan jobbe åleine, men det er best å jobbe i par eller i ei gruppe, då kan den eine ta bilete og den eller dei andre gjere rørslene.
Her ser du nokre døme på stop motion med ulike teknikkar (youtube.com)
- "Freeride Skiiing at Home" av Philipp Klein. Bruker turutstyr, eit menneske og utklipte bokstavar.
- "Fresh Guacamole" av PES. Bruker kjøkkenreiskap, leire, menneske og diverse andre gjenstandar.
- "Stop-Motion Parkour" av Corridor. Storstilte Parkour-scener utandørs med menneske.
Forslag til motiv i ein stop motion-film
- skrive eller teikne steg for steg
- lego
- leire
- frukt/grønsaker
- godteri
- menneske (krev svært små rørsler)
- Bruk stativ.
- Ver på ein stad med godt lys.
- Bruk manuelt fokus på kameraet, zoom inn og still fokus.
- Hald fingeren på utløysarknappen og dytt forsiktig med fingeren utan å ta han av knappen. Slik kan du unngå rørsler i kameraet.
- Prøv å ha ein ryddig og nøytral bakgrunn.
- Skal du skrive eller teikne på ark, er det lurt å teipe det fast.
- Ta mange bilete, helst eit par hundre, kvart bilete står berre i to ruter.
Når du er ferdig med å ta bilete, legg du dei inn på pc-en i ei mappe og opnar eit redigeringsprogram. Vi har brukt programmet Premiere.
- Opne programmet og lag eit nytt prosjekt (File -> New project).
- Importer mappa med bileta du har teke (File->Import).
- Merk alle bileta i prosjektmappa, høgreklikk og vel "Speed/duration". Vel 00:00:00:02. Då vil kvart bilete stå i to ruter.
Vel det første biletet i prosjektmappa, høgreklikk og vel
"New sequence from clip".- Merk resten av bileta og trekk dei inn i tidslinja (sekvensen).
- Spel av og test ut filmen.
- Gjer eventuelle justeringar, legg inn musikk/effektar, titlar og så vidare.
- Når du er ferdig, går du til File -> Export ->Media, gir fila eit namn og lagrar i ønskt format, til dømes .H264. Trykk "Export" og eksporter fila.