Kva seier biletet om politikaren?
Studer fotografiet av Bjørnar Moxnes, leiar av partiet Raudt.
Kvifor trur du han ønskjer å la seg fotografere i denne posituren?
Lag forslag til tittel på ei nyheitssak der biletet inngår som hovudbilete i saka.
Studer biletet av Jonas Gahr Støre, statsminister og leiar av Arbeidarpartiet.
- Kva for biletvinkel er brukt i biletet?
- Kva for fargar dominerer i biletet?
- Kva har biletvinkel og fargar å seie for oppfatninga di av politikaren Jonas Gahr Støre?
- Kva les du ut av posituren og kroppsspråket i posituren?
- I kva for samanheng trur du media ville brukt dette biletet i dekninga av Arbeidarpartiet sin valkamp?
Pressefotografar legg ofte vekt på å plassere politikarar inn i ein bestemd kontekst når dei tek eit portrettfoto. Konteksten kan vere noko politikaren sjølv vel for å gjere tydeleg den politiske bodskapen sin, men det kan òg vere ein kontekst fotografen vel som ein slags "kommentar" til det politikaren står for.
- Samanlikn biletvinkelen i dei to bileta av Trygve Slagsvold Vedum, leiar av Senterpartiet. Korleis er biletvinkelen med på å påverke oppfatninga får av personen?
- Kva tilleggsinformasjon gir kontekstane fotografen har valt å framstille Vedum i?
- Kva for eit av desse bileta ville du ha valt dersom du skulle lage ein valbrosjyre for Senterpartiet. Grunngi svaret.
I samband med mediedekning av valkampar er det mange som ønskjer at politikarar skal stille opp på arrangerte bilete. Biletet der Erna Solberg, leiar av partiet Høgre, kyssar ei sjøløve, er teke på Akvariet i Bergen i samband med valkampen i 2017.
- Sidan biletet er teke i samband med ein valkamp, må vi tenkje oss at det har ein politisk bodskap. Kva meiner du er bodskapen i biletet?
- Diskuter i klassen: Trur de dette biletet fekk fleire til å stemme på partiet Høgre ved stortingsvalet i 2017? Hugs å grunngi standpunkta.