Hopp til innhald
Du er no inne i ein læringssti

Introduksjon

CC BY-SA

Bilete består av visuelle teikn som er sette saman på ein måte som samla uttrykker meininga til biletet. Måten vi oppfattar eit bilete på, er styrt av sosiale konvensjonar og den konteksten biletet opptrer i.

I denne læringsstien kan du jobbe med ulike tilnærmingar til biletanalyse. Gjer du alle oppgåvene, vil du

  • kjenne til ulike biletsjangrar og kva bruksområde dei har
  • kunne identifisere og tolke betydninga av visuelle teikn
  • forstå korleis samanhengen mellom form og innhald gir biletet meining
  • kunne gjennomføre ein semiotisk analyse av eit måleri
  • kunne gjennomføre ein diskursanalyse av eit pressefoto
  • kunne gjennomføre ein retorisk analyse av eit reklamebilete