Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Analyser eit madonnabilete

Omgrepet madonna blir vanlegvis brukte om den bibelske skikkelsen jomfru Maria, særleg når ho blir avbilda med Jesus-barnet. I denne oppgåva skal du samanlikne eit klassisk madonnabilete med biletet av artisten Madonna.

Orda madonna kjem frå italiensk og er sett saman av orda "ma" (min) og "donna" (frue). Omgrepet blir oftast brukt om framstillingar av jomfru Maria, Jesu mor. Men i overført tyding blir det òg brukt om framstillingar av reine og uskuldige unge kvinner.

Oppgåve 1: Studer eit tradisjonelt madonna-måleri

Studer oljemåleriet La Virgen de los Reyes Católicos (på norsk: Jomfrua til dei katolske monarkane). Biletet vart måla av Fernando Gallego ca. 1490 og er i det berømte Prado-museet i Madrid.

Klikk på biletet for meir informasjon om dei ulike delane av motivet.

  1. Korleis framstiller målaren madonnaskikkelsen (jomfru Maria) i dette biletet?

  2. Korleis er dette biletet komponert (balanse, linjer, gjentakingar)? Kva fortel komposisjonen?

  3. Kva er i forgrunnen? Kvifor er nettopp desse elementa plassert der?
  4. Kva er i mellomgrunnen? Kvifor er nettopp desse elementa plassert der?
  5. Kva er i bakgrunnen? Kvifor er nettopp desse elementa plassert der?
  6. I biletet finn vi eit samspel mellom varme og kalde fargar. I kva delar av biletet er det brukt kalde fargar? Kvifor?
  7. Jomfru Maria har purpurraud kappe. Kva symboliserer denne raudfargen?
  8. Beskriv alle symbola du finn i biletet, og forklar kva symbola betyr.
  9. Kva er forskjellen på ein allusjon og ein allegori? Kva må du kjenne til for å forstå bodskapen i dette biletet?
  10. Kva fortel dette biletet om det samfunnet og den tidsperioden biletet vart til i?

Oppgåve 2: Studer eit scenebilete av artisten Madonna

Artisten Madonna som herskarinne på ei trone, kledd i svarte klede, høge støvlettar og nettingstrømpar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Artisten Madonna flørtar med religion og sex. Du kan sjå eit dårleg amatøropptak frå konserten i Las Vegas i 2008 på YouTube:
Madonna Sticky and Sweet Tour Las Vegas Live.

  1. Studer scenebiletet av artisten Madonna i Las Vegas i 2008. Kva sider ved kvinnerolla blir framheva i dette biletet?
  2. Beskriv alle symbola du finn i biletet av artisten Madonna, og forklar kva symbola betyr.
  3. På kva måte er biletet av artisten Madonna både ein allusjon og ein kontrast til klassiske madonnabilete?
  4. Kva er bodskapen i biletet av artisten Madonna?

  5. Kva fortel dette biletet om verdiar og livssyn i det samfunnet og den tidsperioden biletet vart til i?

Oppgåve 3: Les artikkel og diskuter

Les Nina Selvik sin fagartikkel på Kjønnsforskning.no: Hore og madonna.

Diskuter i klassen: Er artisten Madonna ein opprørsk feminist, eller speler ho kynisk på sex og religion for å selje musikken sin?

Relatert innhald

Ein biletanalyse inneheld tre steg: skildring, analyse og tolking.

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 08.02.2022

Læringsressursar

Biletanalyse og bilete i kontekst