Skriftleg oppgåve: retorisk medborgarskap
Målet med denne oppgåva er å vise at du
forstår omgrepet retorisk medborgarskap
kan utøve retorisk medborgarskap på ein reflektert måte i eigne kommentarar
kan gjere greie for sentrale mediefaglege problemstillingar om emnet retorisk medborgarskap
Oppgåve 1
Forklar forskjellen på statsborgarskap og medborgarskap.
Kva er retorikk? Forklar omgrepet, og gi døme på bruk av retorikk i reklame, journalistikk og i sosiale medium.
Kva blir meint med retorisk medborgarskap?
Oppgåve 2
Fuckings neandertalar. Greitt for deg å vere for bompengar, du som har råd til å køyre Tesla i kollektivfeltet. Kva med oss vanlege arbeidsfolk som er avhengige av bil på jobben? Er så lei av at galne kvinnfolk blandar seg inn i styr og stell i denne byen. Veit kvar du bur.
Ein kjenning av deg postar dette innlegget i sosiale medium. Det er retta mot ein namngitt kvinneleg politikar. Du vel å kommentere innlegget ut frå det du veit om retorisk medborgarskap og god debattkultur.
Skriv kommentaren du vil poste. Han skal vere på maksimalt 100 ord.
Oppgåve 3
Skriv ein fagartikkel om korleis medieretorikk kan fremje og hemje reelt medborgarskap. Fagartikkelen skal vere på maksimalt 1 000 ord.