Oppgåve
Intervjuteknikk i valdebattar
I denne oppgåva skal du lytte til ein politisk debatt og utforske samspelet mellom journalisten og politikarane.
Sjå heile eller delar av partileiardebatten som blei send på NRK 6. september 2019 i samband med kommune- og fylkestingsvalet.
Lytt nøye til spørsmåla og svara i debatten.
- Kor mange spørsmål stiller programleiaren i løpet av den første halvtimen?
- Kor mange av desse spørsmåla svarer politikarane direkte på?
- Kor mange gonger svarer politikarane på noko heilt anna enn det han spør om?
- Er det nokon av politikarane som utmerkjer seg når det gjeld «å snakke bort» det programleiaren spør om?
- Kva skjer når journalisten stiller oppfølgingsspørsmål?
- Formuler eitt spørsmål til kvar av politikarane i debatten, som du meiner programleiaren burde ha stilt.
- Kva ville du ha gjort dersom du ikkje fekk svar på det du spurde om?