Oppgåve
Korleis bør vi debattere?
Sjå videobloggen «Å ja, ta svartingen!». I videoen uttaler Maria Stavang seg om «svartingar» og rasisme.
I dette eksempelet ser vi at programleiar Emma Clare utforskar fenomenet intimkirurgi (NRK dokumentar, 40 min).
Diskuter i klassen:
- På kva måte er kvar av dei to kvinnene politisk korrekt eller ikkje politisk korrekt?
- Driv desse to kvinnene med sjølvsensur? Eller gjer dei ikkje det? Grunngi svara.
- Kva skal til for at debatt er spennande å følgje med på eller delta i?
- Er det nok at debatt er viktig for samfunnet, eller må tema engasjere?
- Gi eksempel på debatt som har engasjert, og eventuelt tema som ikkje engasjerer.
- Har du nokon gong sjølv delteke i debatt? Kvifor? / Kvifor ikkje?
- Har du nokon gong late vere å ytre deg i ei sak av frykt for å støyte nokon? Gi eksempel, og forklar kvifor ikkje.
Oppgåva kan du løyse åleine eller i samarbeid med nokon, etter avtale med læraren din.
- Vel rasisme, intimkirurgi, miljø eller eit tema du er engasjert i.
- Vel ein mediekanal for ytringa.
- Formuler meininga di tilpassa kanal, og få med argument som underbyggjer kvifor andre skal svare deg, eller ha same haldning som deg.
- Skriv ein refleksjon over: Kva vil du ytringa di skal bidra til å endre av haldningar? Og: Vurder i kva grad du er politisk korrekt og driv med sjølvsensur.
- Avtal levering av arbeidet, eventuelt publisering, med læraren din.