Hopp til innhald

Planlegging, observasjon og motivasjon

Barne- og ungdomsarbeidaren skal vareta barns behov for omsorg og leik og fremme læring og danning. For å lykkast i denne rolla må du lære å observere, planlegge og velje metodar som bidreg til motivasjon som fremmar meistring og glede. I tillegg er det viktig å kunne vurdere arbeidet du gjer.

Måltid og matlaging

I dei fleste institusjonar der barne- og ungdomsarbeidaren kan jobbe, er måltid ein viktig del av kvardagen. I arbeidet ditt må du derfor kjenne til dei nasjonale tilrådingane om kosthald og ernæring. Du skal òg planleggje og lage enkle måltid saman med barna.