Hopp til innhald
Fagartikkel

Mat og måltid

Måltidet er ein del av kvardagen. Gode måltid og god matomsorg handlar om meir enn sjølve maten. Matlaging og måltid skal bidra til matglede, deltaking, trivsel og samhald, samtalar, tilhøyrsel og fellesskap, glede og meistring.

Måltidet

I arbeid med barn vil måltidet ha ein sentral plass. I filmen frå Nasjonalt senter for mat, helse og fysisk aktivitet ser du fleire faktorar som har noko å seie for korleis barn utviklar eit godt forhold til mat og måltid. Måltida skal gi barna energi til å klare dagen, til å vekse og utvikle seg. Vi skal tilby barna eit variert kosthald med sunn og god mat. Som barne- og ungdomsarbeidar bør du derfor ha kunnskap om kva eit variert og godt kosthald er, og kvifor dette er viktig. Du bør kjenne til dei nasjonale retningslinjene for mat og måltid i barnehagen. Desse er gitt ut av Helsedirektoratet.

God matomsorg

Gode måltid og god matomsorg handlar om meir enn sjølve maten. Matlaging og måltid skal bidra til matglede, deltaking, trivsel og samhald, samtalar, tilhøyrsel og fellesskap, glede og meistring. Både før, under og etter måltidet bør barna delta. Når barna får vere med i planlegging, førebuing, deltaking og rydding, tek vi òg vare på medverknaden til barna. Dei får dermed innverknad og kan vere med på å påverke sin eigen kvardag.

Deltaking gir erfaringar

Når barna får vere med og delta, vere aktive og gjere noko, får dei eigne erfaringar. Desse erfaringane kan bidra til ny forståing, læring og utvikling på mange ulike område. Vi vaksne må legge til rette for at barna får oppgåver som dei kan klare sjølv, ut frå føresetnadene sine, slik at dei opplever meistring. Ved å legge til rette for at barn får delta i matlaginga og ved måltid bidreg vi altså til at barna får erfaringar som fører til læring og utvikling på ulike område.

Når barn får lov til å delta, ut frå føresetnadene sine, med å lage maten og dekke bord, kan det bidra til å gi dei ei forståing av kva som skal skje, og ei positiv forventning til måltidet. Det gir òg moglegheit for mellom anna å lære om hygiene og få erfaring med og utvikle ferdigheiter ved å handtere ulike kjøkkenreiskapar. Dei kan få øving i finmotorikken til dømes ved å kutte gulrot i bitar. Det å vere med og lage mat gir stoltheit og meistringskjensle.

Alle barn, uansett alder, må få moglegheit til å ete sjølve. Vi må òg legge til rette for at barna under måltidet får gjere sjølve, som å smørje på si eiga brødskive.

Samhald og fellesskap

Måltidet er eit gyllent høve til å skape tilhøyrsel og fellesskapskjensle. Å sitje saman og prate under eit måltid gir både samhald og glede. Det skaper felles opplevingar. Vi må gi barna tid og rom for dei gode kvardagssamtalane under måltidet og opne for nysgjerrigheit og undring.

Vi kan snakke med barna om ulike tema under matlaginga og måltidet. Vi kan undre oss saman med barna om mat, kvar maten kjem frå, kva fiskepinnar eller skinkepålegget er laga av og så vidare. Vi kan samtale om miljø og berekraftig utvikling. Korleis kan vi dyrke og produsere eigen mat? Kva kan vi gjere med matrestar? Vi kan studere fisken, korleis ser han ut innvendig? Kva kan vi ete, kvar gjer vi av det vi ikkje et? Vi kan snakke om mattradisjonar i samband med høgtider og om ulike kulturar og mattradisjonar. Har vi ulike mattradisjonar?

Vi kan samtale om alt det som barna opptekne av og interesserte i her og no, og vi kan òg tilføre nye og spennande tema å snakke om. Å ha det fint saman under måltidet handlar om å prate, le og glede seg saman over ulike ting som har skjedd. Det bidreg til tryggleik, trivsel og fellesskapsoppleving, og måltidet blir ei hyggeleg oppleving for alle.

Måltidet er ein sosial arena

Å sitje saman rundt eit bord og dele eit felles måltid gir fellesskapskjensle. Vi deler latter og glede og koser oss saman. Det sosiale kan òg inspirere barn til å prøve ut nye smakar. Dei kan bli inspirerte og får lyst til å prøve det som nokon andre sit og koser seg med. I tillegg får dei erfaring med ulike måtar å samhandle med andre på. Dei deler, ventar på tur, sender og tek imot, hjelper kvarandre, oppmuntrar og gir positive tilbakemeldingar til kvarandre.

Stimulere språket og matematisk forståing

Samtalane vi har med barna, kan bidra til at dei aukar omgrepsforståinga si. Under dei ulike prosessane ved matlaging og måltid erfarer barna med alle sansane sine. Dei ser kva farge ein paprika har, korleis han kjennest ut å ta på og halde i, korleis han luktar og smaker, og korleis det høyrest ut når dei tygg han. Når vi knyter sansane til læring, er det lettare å hugse omgrepa òg. Ved at vi set ord på det vi gjer, maten vi et, og dei ulike reiskapane vi nyttar, bidreg vi til auka omgrepsforståing.

Når vi gir barna høve til å fortelje, undre seg, reflektere og stille spørsmål, opplever dei glede ved å nytte språket og kommunisere med kvarandre. Når dei deltek i samtalar, nyttar dei språket sitt aktivt, og det er den beste måten å utvikle språket på.

Matlaging vil òg bidra til at barn får erfaring med fleire matematiske omgrep, mellom anna teljing, sortering, vekt og form. Dei tel barn, koppar og fat eller gulrøter. Dei lagar ulike former av maten, dei kuttar grønsaker i små firkantar eller gulrota i sirklar. Dei kjenner på vekt og måler opp kor mykje som trengst for å lage havregraut, i desiliter og liter, og dei får kjennskap til omgrep som stor og liten, tung og lett.

Rolla til barne- og ungdomsarbeidaren

Du skal inspirere og motivere barna til å ete sunn mat. Du må ta aktivt del i måltidet og vere ein god samtalepartnar som kan utfylle kommunikasjonen til barna og stille spørsmål, og vere ein god rollemodell. Det å ete saman med barna gjer at du ser at måltidet er ein viktig sosial arena, der barn og vaksne møtest i ei strukturert ramme for samspel, noko som er viktig for fellesskapen og for å skape trivsel. Du blir ein del av denne fellesskapen og vil derfor vere ein naturleg rollemodell som barna kan lære av, både kva dei kan gjere, og korleis dei skal omgåast kvarandre ved bordet.

Deltaking gir deg moglegheit til å sikre at det er gode rammer rundt måltidet, til å skape samspel og dialog, og til at barna opplever ro til å ete. Samtidig gir det deg høve til å gjere måltidet til ein inkluderande arena der alle får moglegheit til å delta og skape noko i fellesskap.

Utfordringar til deg

  1. Kva skal måltidet bidra til for barn og unge?

  2. Kvifor er måltid meir enn maten?

  3. Korleis kan du vise omsorg for barn under måltidet?

  4. Korleis kan du nytte måltidet som ein pedagogisk arena?

Kjelder

Helsedirektoratet. (2020, 24. november). Mat og måltid i barnehagen. https://www.helsedirektoratet.no/retningslinjer/mat-og-maltider-i-barnehagen

Forbrukerrådet. (2018). Barnehagemat: næring til liv, lek og læring. https://storage02.forbrukerradet.no/media/2018/08/20180710-ke-appetitt-barnehage-rapport.pdf