Kostråda kan òg gjerne blir følgde ved auka sjukdomsrisiko som høgt blodtrykk og hjarte- og karsjukdommar. Ved spesielle tilstandar (sjukdommar) kan det vere behov for tilpassa kost.
Kostråda kort oppsummerte
Et meir av dette:
grønsaker
frukt
bær
fisk og fiskeprodukt
Et mindre av dette:
raudt kjtt og tilarbeidd kjøt
salt og matvarer med mykje salt
sukker, brus, saft og godteri
Vel desse matvarene:
grove kornprodukt i staden for fine
olje og mjuk margarin i staden for smør
magre meieriprodukt i staden for feite
vatn i staden for saft og brus
I tillegg bør du ete variert og vere i fysisk aktivitet minst 30 minutt kvar dag.
Råda byggjer på forsking
Dei tolv kostråda byggjer på solid forsking og er utarbeidde i nært samarbeid med og vedtekne av Nasjonalt råd for ernæring, og råda om fysisk aktivitet er i tråd med råda frå Nasjonalt råd for fysisk aktivitet.
Dei 12 kostråda
Ha eit variert kosthald med mykje grønsaker, frukt og bær, grove kornprodukt og fisk, og avgrensa mengder tilarbeidd kjøt, raudt kjøt, salt og sukker.
Ha ein god balanse mellom kor mykje energi du får i deg gjennom mat og drikke, og kor mykje du forbruker gjennom aktivitet.
Et minst fem porsjonar grønsaker, frukt og bær kvar dag (fem om dagen).
Et grove kornprodukt kvar dag.
La magre meieriprodukt vere ein del av det daglege kosthaldet.
Et fisk til middag to til tre gonger i veka.
Vel magert kjøt og magre kjøtprodukt. Avgrens mengda tilarbeidd kjøt og raudt kjøt.
Vel matoljer, flytande margarin og mjuk margarin framfor hard margarin og smør.
Vel matvarer med lite salt, og avgrens bruken av salt i matlaginga og på maten.
Unngå mat og drikke med mykje sukker til kvardags.
Vel vatn som tørstedrikk.
Ver fysisk aktiv i minst 30 minutt kvar dag
Kjelder
Helsenorge. (2019, 17. desember). Helsedirektoratets kostråd. https://www.helsenorge.no/kosthold-og-ernaring/kostrad/
Nasjonalt råd for ernæring. (2011, januar). Kostråd for å fremme folkehelsen og forebygge kroniske sykdommer. Metodologi og vitenskapelig kunnskapsgrunnlag (IS-1881). Helsedirektoratet. https://www.helsedirektoratet.no/rapporter/kostrad-for-a-fremme-folkehelsen-og-forebygge-kroniske-sykdommer-metodologi-og-vitenskapelig-kunnskapsgrunnlag/