Hopp til innhald

Fagstoff

Handvevar

Ein handvevar vev tekstil til bunader, klede, dukar, utsmykkingar og dekorasjonar. Produkta er både tradisjonsbaserte og nyskapande og blir vovne på ein manuell vevstol.
Renning og innslag i ein vev. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

God design og veving av spesielle stoff som det ofte er vanskeleg eller ulønsamt å produsere for industriverksemder, er oppgåver for handvevaren. Det kan vere kyrkjetekstilar, tekstilar til heimen, utsmykkingstekstilar, metervarer til designklede og bunader.

Vev med kvite og blå trådar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Eigenskapar

Du må ha god materialkunnskap og kjennskap til ulike veveteknikker, og kunne analysere og rekonstruere originalstoff. I tillegg bør du følgje trendar innan mote og interiør, ha god farge- og formsans og vere nøyaktig og kreativ.

Hand skyv ein vevskyttel inn i renninga i ein vev. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Utdanning

Utdanninga for å bli handvevar er to år i vidaregåande skule og to år i lære i bedrift. Det første året tek du Vg1 handverk, design og produktutvikling. Det andre året vel du Vg2 saum og tekstilhandverk. Etter to år i lære i handvevarfaget kan du ta sveinebrev.

Vev i grøn- og blåtonar under produksjon i ein vevstol. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Relatert innhald


CC BY-SASkrive av Kristine Kandal-Ilagsmoen.
Sist fagleg oppdatert 29.06.2021

Læringsressursar

Saum og tekstilhandverk