Hopp til innhald

Fagstoff

Herreskreddar

Herreskreddarar arbeider med å designe og saume herreklede. Dei arbeider med måltaking, mønsterarbeid, tilskjering, samansying og tilpassing av frakkar, smokingar, jakker, vestar og bukser. Skreddarsauma plagg blir tilpassa kunden og gir ei perfekt passform.
Delar til ei dressjakke er teikna på eit stoff. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Herreskreddarfaget handlar om å framstille og utvikle tekstile handverksprodukt. Du jobbar praktisk med bruk av materiale, verktøy, maskiner og handverksteknikkar.

Herreskreddarar kan arbeide i klesforretningar, systover eller arbeide med kostyme i opera- og teaterverksemder. Med eigen verkstad kan dei jobbe allsidig og ta ulike saumoppdrag.

Eigenskapar

Skreddarsauma dressjakke på byste. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I arbeidet med klede må du ha eit medvite forhold til form og fargar. Du må ha godt handlag og kunne bruke tekstile handverksteknikkar. I møte med kundar bør du vere serviceinnstilt og ha gode kommunikasjonsevner.

Utdanning

Utdanninga for å bli herreskreddar er to år i vidaregåande skule og to år i lære i bedrift. Det første året tek du Vg1 handverk, design og produktutvikling. Det andre året vel du Vg2 saum og tekstilhandverk. Etter to år i lære i herreskreddarfaget kan du ta sveinebrev.

Skreddar klipper i grønt stoff. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Kristine Kandal-Ilagsmoen og Inger Gilje Sporaland.
Sist fagleg oppdatert 22.02.2022

Læringsressursar

Saum og tekstilhandverk