Hopp til innhald

Fagstoff

Skomakar

Ein skomakar lagar og reparerer sko og andre lêr- og skinnprodukt. Arbeidsoppgåver kan vere å skifte solar og hælar, sy saum på overlêr eller å reparere vesker og belte. Fleire skomakarar tilpassar og produserer ortopedisk fottøy.
Sko får ny hæl. Foto.

Skomakarar jobbar både med nyproduksjon og med reparasjon og tilpassing av sko. Dei kan jobbe på skomakarverkstad, på ortopediske verkstader eller i skoindustrien.

Som skomakar må du meistre tradisjonelle og nye saum- og formingsteknikkar. I arbeidet bruker du både handverktøy og maskiner til å slipe, frese, pusse og sy med. Kunnskapar om skinn og lêr, lim og kjemikaliar er nødvendig.

Eigenskapar

Som skomakar bør du ha godt handlag og evna til å sjå praktiske løysingar. Du må ha god formsans og forståing for anatomien til foten. I møte med kundar bør du vere serviceinnstilt og ha gode kommunikasjonsevner.

Skomaker syr lær på ei kraftig symaskin. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Utdanning

Utdanninga for å bli skomakar er to år i vidaregåande skule og to år i lære i bedrift. Det første året tek du Vg1 handverk, design og produktutvikling. Det andre året vel du Vg2 saum og tekstilhandverk. Etter to år i lære i skomakarfaget kan du ta sveinebrev.

Fotokollasj av ein sole, ein sko og ein skomakarlest i tre.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Kristine Kandal-Ilagsmoen og Inger Gilje Sporaland.
Sist fagleg oppdatert 17.04.2023

Læringsressursar

Saum og tekstilhandverk