Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Samiske gåter

Kva veit du om samar? Diskuter nokre påstandar om samar og samisk. Svara finn du ved å utforske den historiske bakgrunnen til det nordlegaste urfolket i verda.

De bør sitje i grupper på tre–seks personar når de diskuterer oppgåvene under.

Del 1 – forkunnskapar

Kva veit de om samane, historia deira og det samiske språket? Diskuter på gruppa. Ein av dykk skriv ned svara. Bruk gjerne spørsmåla under som utgangspunkt for diskusjonen.

  • Kvar bur samar?
  • Snakkar alle samar same språk?
  • Kor lenge har samane budd i Noreg?
  • Har samane sine eigne styringsorgan?

Del 2 – Ta stilling til påstandar

Jobb først ein og ein. Les påstandane under og skriv ned det du trur er riktig svar på påstanden. Grunngi svaret ditt. Om du har svart nei, prøv å kome med eit anna forslag.

  • Det norske og det samiske språket er nærskylde.
  • Nordmenn og samar har likt opphav.
  • Samane kom til Noreg for om lag 2000 år sidan.
  • Forskarar finn ut av spørsmåla over ved å lese bøker.

Diskuter påstandane i grupper. Klarer de å bli samde om kva som er riktig svar?

Del 3 – Finn svar ved å bruke digitale kjelder

Er de ikkje heilt sikre på svaret på somme av spørsmåla og påstandane over, kan de ikkje sitje i uvisse. Det er på tide å ty til orakelet, nemleg Internett.

Ein på gruppa bør lage eit tankekart digitalt eller på ark. De kan lage sjølve, eller fylle ut tankekartet "Samiske gåter" under.

NB! Det er ikkje sikkert de finn eit sikkert svar på alle påstandane. Då er det svært viktig at de skriv nettopp dette. Til dømes kan de skrive: "Forskarane er usikre på dette, men ein teori er at..."

I tillegg til at de skriv ned svaret på påstandane, bør de òg gi opp kjelda der de fann svaret.

Filer

For å hjelpe dykk på veg, har vi lagt ved nokre gode kjelder under:

Kjelde 1: NRK-programmet Norske røter handlar om den fjerne fortida i Noreg. Dersom du ser programmet frå om lag 29 minutt og ut programmet, vil du finne mange interessante svar på spørsmåla om samisk språk, det genetiske opphavet til nordmenn og samar og historie.

Kjelde 2: NRK Sapmi har intervjua ein forskar ved universitet i Tromsø om samisk historie og språk: Samefolket har ulik opprinnelse.

Kjelde 3: NDLA sine sider om samiske språk og samisk historie.

Del 4 – Oppsummer

Diskuter i gruppene: Var det noko av det de fann ut om samar, historia deira og språket deira som overraska dykk?

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland.
Sist fagleg oppdatert 05.12.2019

Læringsressursar

Minoritetsspråk