Hilbes biigá
Femten år gamle Máigon og den beste venninna hennar, Ánne-Sire, lever i ei lita bygd på den arktiske tundraen. Det er sommar, midnattssola skin, og nettene er nattelause.
Den noko naive Máigon blir utfordra av den meir erfarne Ánne-Sire til å debutere seksuelt. Máigon kjenner seg pressa, men ho har sin eigen plan: ein roadtrip til Sverige, men ikkje utan risiko. Hilbes biigá er ein pønkete roadmovie om vennskap, seksualitet, grenser, press og ikkje minst lengsel.
Hilbes biigá har fleire likskapar med den svenske spelefilmen Fucking Åmål frå 1998, av regissør Lukas Modysson. Fucking Åmål skildrar ungdomsmiljøet i ein liten tettstad i Nord-Sverige.
Regissør Marja Bål Nango og filmen hennar har i tillegg vunne fleire prisar, blant anna debutantprisen Skårungen under Tromsø filmfestival 2015. Juryen meinte filmen var modig, med tema som kan bevege ungdom:
Årets Skårunge har klart å skape et modig og direkte portrett av vennskap og sjalusi. En film som tar opp store og komplekse tema, og viser indre følelser i tilsynelatende små øyeblikk i livet. Årets vinner får også uerfarne skuespillere til å gi energiske opptredener og liv til karakterene. (Lysnes, 2015)
Relatert innhald
Gjer oppgåver til kortfilmen Hilbes biigá i barne- og ungdomsarbeidarfag.
I denne oppgåva skal du skrive ei filmmelding til den samiske kortfilmen Hilbes biigá.