Kunnskap om samanhengen ein tekst er skriven i, kan hjelpe oss til å forstå han betre. Samstundes er det slik at dersom vi set merkelappar på litteratur, kan det påverke måten vi oppfattar han på.
Sit i grupper på fire. De skal ta stilling til og deretter diskutere påstandane nedanfor.
Hugs å grunngi standpunkta dykkar på ein sakleg måte. Det styrkjer også truverdet dykkar om de evnar å sjå saka frå fleire sider. Trekk gjerne inn poeng frå tekstane de har lese (og sett) om samisk litteratur.
- Berre samar kan forstå samisk litteratur.
- Ein tekst kan gjerne lesast og tolkast utan at vi veit noko som helst om bakgrunnen til forfattaren eller om samanhengen (konteksten) teksten er skriven i.
- Dess meir du veit om konteksten ein tekst er skriven i, dess større er sjansen for at du klarer å forstå teksten.
- Typiske tema i samisk litteratur er kjønnsroller, modernisering av samfunnet og motsetningar mellom by og land.
- Naturen er eit viktig motiv og symbol i samisk litteratur.
- Samisk litteratur tematiserer ofte forholdet og spenningar mellom minoritets- og majoritetssamfunn.
- Å få merkelappen “samisk litteratur” kan føre til at litteraturen ikke vert anerkjend på lik linje med annan litteratur.
- Å lese litteratur skriven av personar frå minoritetskulturar er viktig for å øve opp empati og for å verte medviten på moglege skeivheiter i samfunnet vårt.
- Eit eige språk og ein eigen litteratur er viktig for identiteten. Det gjeld både for enkeltmenneske og for grupper.
Relatert innhald
CC BY-SASkrive av Jorunn Øveland Nyhus.
Sist fagleg oppdatert 12.09.2018